Lewinia
Utsjånad
Lewinia | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Lewinia G. R. Gray, 1855 |
Lewinia er ei biologisk slekt av små vassfuglar i riksefamilien. Ho er representert med tre artar med samla utbreiing i Filippinane, Ny-Guinea, Australia og på Aucklandøyane, New Zealand. Dei var tidlegare plassert i eit felles artstakson i slekta Rallus,[1] men skjeletta av Lewinia-riksene har ikkje fellestrekk med dei av slekta Rallus. Dei viser likevel ein overflatisk likskap med orientrikse, som no tilhøyrer slekta Gallirallus. Systematikken av Charles og Monroe 1990[2] set like fullt ikkje dei to slektene Dryolimnas og Lewinia i nær samanheng. Lewinia-riksene varierer i storleik frå 17 til 27 centimeter.
Artar og utbreiinga deira, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Luzonrikse (Lewinia mirifica) vart skildra i 1959 av Dean Amadon og Kenneth C. Parkes. Ho var tidvis vurdert å vere ein underart av brunnakkeriksa. Leveviset er lite kjent. Utbreiinga er avgrensa til den filippinske øya Luzon.
- Brunnakkerikse (Lewinia pectoralis) er typearten. Ho vart skildra i 1831 av Coenraad Jacob Temminck. Det er sju verna underarter som finst i Ny-Guinea, austlege Australia, Sør-Australia og Tasmania. Underartaen Lewinia pectoralis clelandi frå Sør-Australia har ikkje vore observert etter 1931 og blir rekna å vere utdøydd.
- Aucklandrikse (Lewinia muelleri) vart skildra i 1893 av Walter Rothschild. Ho var lenge kjent berre frå typeprøva, som vart kjøpt i 1874, til ho vart gjenoppdaget i 1966. Ho er endemisk for øyane Adams Island og Disappointment Island, Aucklandøyane. Til tider vart ho klassifisert som underart av brunnakkeriksa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lewinia» frå Wikipedia på tysk, den 21. desember 2012.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, (2005) ISBN 978-0-14-302040-0
- ↑ Charles Gald Sibley, Burt Leavelle Monroe: Distribution and taxonomy of birds of the world. Yale University Press, 1990: S. 223.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2012) Species factsheet: Brown-banded Rail Lewinia mirifica Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012.
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Lewinia pectoralis Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012.
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Lewinia muelleri Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. desember 2012.