Mark Volman
Mark Volman | |||
Volman i 2008 som ein del av «The Turtles Featuring Flo & Eddie» | |||
Fødd | 19. april 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles i California i USA | ||
Alias | Flo Phlorescent Leech | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Alternativ rock, rock and roll, R&B, eksperimentell rock | ||
Instrument | Vokal, gitar, klaverinstrument | ||
Kjende instrument | Fender Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | The Turtles, Frank Zappa and the Mothers of Invention, Flo & Eddie | ||
Plateselskap | Warner Bros., Columbia | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, professor |
Mark Volman (fødd 19. april 1947) er ein amerikansk gitarist, vokalist og låtkrivar, mest kjend som medlem av 60-talsbandet the Turtles. Volman song seinare i Mothers of Invention leia av Frank Zappa. Stundom har han nytta pseudonymet «Flo» i lag med venen og partnaren sin Howard Kaylan og i lag har dei nytta scenenamna Flo & Eddie.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Studentliv
[endre | endre wikiteksten]Volman var fødd i Los Angeles og voks opp i Westchester, ein forstad til Los Angeles, der han gjekk ut frå Westchester High School i 1965. Over 25 år seinare, 45 år gammal i 1992, starta han på bachelor-graden sin ved Loyola Marymount University. Volman fekk graden i 1997.[1]
Volman tok sidan mastergrad i Fine Arts med vekt som manusforfattar i 1999, òg dette frå Loyola. Sidan den gong har han vore lærar i faga Music Business & Industry ved Loyola. Han ar i dag førsteamanuensis ved Belmont University.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Volman og Howard Kaylan danna The Turtles, eit popband på slutten av 1960-åra. I desember 1968 rapporterte NME at Volman hadde forsikra det særeigne krøllete håret sitt for 100 000 USD mot brann, tjuveri eller hårtap på grunn av sjukdom.[3] Då bandet vart lagt ned, oppdaga Volman og Kaylan at kontrakten deira ikkje berre gav dei forbod mot å nytte namnet 'The Turtles', men òg deira eigne namn. Kayland og Volman vart rekrutterte av Frank Zappa, og vart med i Mothers of Invention, og dei arbeidde òg i lag som Flo & Eddie. Dei gav òg stemmer og musikk til animasjonsfilmar som Down and Dirty Duck. I 1971 var Volman med i halvdokumentaren til Zappa, 200 Motels.[4] Kaylan og Volman er i dag framleis aktive, som «The Turtles ... Featuring Flo & Eddie».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mark Volman» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rag Baby Online Magazine: april 9, 1999 [3]
- ↑ : Ask Professor Flo :, arkivert frå originalen 9. mai 2021, henta 4. juni 2014
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 191. CN 5585.
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 223. CN 5585.