Marlene
Utsjånad
Marlene, Marleen og Marlen er kvinnenamn danna som ei samanskriving av Maria og Magdalene, og viser dermed til Maria Magdalena frå det bibelske Nytestamentet. Liknande og nærskylde namnm er Malena og Malene. Namnet blei truleg først brukt, og i alle høve gjort verdskjend, av Marlene Dietrich, som var døypt Maria Magdalene Dietrich.
Marlene har namnedag den 8. desember i Noreg og 4. april i Sverige. I Noreg var det 962 kvinner som heitte Marlene, 455 som heitte Marlen og nær 30 som heitte Marleen i 2008.
Varianten Marlen kan også vera eit mannsnamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Marlene Dietrich (1901–1992), tysk-amerikansk songar og skodespelar
- Marlen Haushofer (1920-1970), austerriksk forfattar
- Marlene Hagge (f. 1934), amerikansk golfspelar
- Marleen Gorris (f. 1948), nederlandsk filmskapar
- Marlene Jennings (f. 1951), kanadisk politikar
- Marlene Dumas (f. 1953), sørafrikansk målar
- Marlene van Niekerk (f. 1954), sørafrikansk forfattar
- Marleen Vanderpoorten (f. 1954), belgisk politikar
- Marlen Angelidou (f. 1978), gresk songar
- Marlene Gulbæk Engan (f. 1987), norsk motorsportutøvar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Marlene hjå Statistisk Sentralbyrå
- Marlene i Caplex
- behindthename.com