Monoteisme
Utsjånad
(Omdirigert frå Monoteistisk)
Monoteisme (av gresk mono, 'éin', og teos, 'gud'), er trua på berre éin gud som har makt over heile verda. Religionar med berre éin gud er dei abrahamittiske religionane: jødedommen, kristendommen (treeininga, tre sider av ein gud) og islam, men òg andre religionar, som parsismen (zoroastrismen), atonismen, sikhismen og deisme er monoteistiske.