Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Norske pengesetlar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit komplett norsk verdipapir frå 1695. Ved handel vart verdipapiret rive i to, der seljar og kjøpar fekk kvar sin del av setelen.
Dansk-norsk pengesetel verd 10 riksdalar frå 1778.
Pengesetel for 12 skilling frå 1810.
Einspesidalar frå 1856-1877

Norske pengesetlar er verdipapir som er eller har vore brukt som betalingsmiddel i Noreg. I dag blir setlar og myntar med påskriven verdi i norske kroner brukt som kontantar i Noreg. Det er Norges Bank som lagar dei norske setlane. Dagens norske myntar og setlar er såkalla fiat-pengar.

Frå 1877, etter etableringa av den skandinaviske myntunionen, og fram til i dag, har norske pengesetlar omfatta 1000-, 500-, 100- og 50-kronesetlar. I 1994 vart den første 200-kronesetelen utgjeven. 5- og 10-kronesetlar var òg i bruk frå 1877, men vart erstatta med myntar i 1963 og 1983. Setlane er utgjevne i seriar som byrja med serie I i 1877 og gjekk inn i serie VII frå 1994.

Under første og andre verdskrigen og etterkrigsåra i 1917–1925 og 1940–1950 var det mangel på vekslepengar, og 1- og 2-kronesetlar vart trykt som «skiljemyntsetlar». Den første utgåva vart ugyldiggjort i 1926, medan den andre utgåva formelt sett var gyldig heilt til 1999. For fleire detaljar sjå avsnittet om historiske norske pengesetlar nedanfor.

Verdskrigane skapte både eit stort behov for kontantar og ein mangel på metall til å lage myntar av. I 1917 vart det vedteke ein ny lov som opna for 1-krona og 2-krona «skiljemyntsetlar» som svar på ein førespurnad frå Noregs Bank til Finansdepartementet:

Norges Banks direktion har i en skrivelse av 8de september 1917 meddelt departementet, at mangelen paa skillemynt nu er blit likefrem utaalelig. Den ene bedrift efter den anden klager over, at de ikke kan skaffe sine arbeidere den bestemte løn, og handelsmændene kan ikke veksle kundernes pengesedler.[1] Deretter vart skiljemyntsetlar trykt fram til 1925, men vart gjort ugyldige allereie i 1926 då økonomien hadde stabilisert seg etter første verdskrigen.

Skiljemyntsetlar på 1 krone og 2 kroner vart òg trykt under andre verdskrigen (1940−45) og fram til 1950. Desse vart ikkje gjort ugilde etter krigen. Likevel vart heile serie II som var trykt i perioden 1901−45 gjort ugild den 9. september 1945, og dei som ikkje kunne gjere tilfredsstillande greie for kontantbehaldninga fekk berre avgrensa kompensasjon i nye pengar. Dette vart gjort for å avgrense verknaden av krigsprofitering.

5-krona- og 10-kronesetlar var i bruk frå 1877, men vart erstatta av myntar i høvesvis 1963 og 1983 basert på kost-/nytteanalysar.

Bortsett frå dei første skiljemyntsetlane i 1926 og serie II setlane i 1945 var alle norske setlar frå serie I til og med serie V, inkludert 5- og 10-kronesetlar og dessutan skiljemyntsetlane frå andre verdskrigen, formelt sett gilde – dvs mogleg å veksle inn i Noregs Bank – heilt fram til 1998 (serie I) og 1999 (serie III, IV, V, og dei siste skiljemyntsetlane). 1000- og 500-kronesetlane frå serie V var gilde til høvesvis 2001 og 2002.

Etter sterk inflasjon gjennom 1970- og 1980-talet, trengde ein ein valør mellom 100 kroner og 1000 kroner i tillegg til den på 500 kroner.[2] Den første norske 200-kronesetelen vart utgjeven i 1994. Bruken av 500-kronesetlar og 200-kronesetlar har auka i seinare år, særleg etter at dei vart innført i minibankar. Tilsvarande har 100-kronesetlar vorte delvis fortrengde frå minibankar og bruken har gått ned.

Den mest verdifulle norske pengesetelen har alltid vore 1000-kronesetelen, men verdet på setelen har vorte desimert opp gjennom åra. På 100 år frå 1904 til 2004 har verdet av 1000 kroner gått ned til 1/55 av det han var, frå meir enn 4000 brød til mindre enn 70 brød. (Prisen på eit brød i 2004 var omtrent 15 kroner, og konsumprisindeksen i nemnde periode auka frå 2,0 til 113,3.[2]) I dag kan det synast uforståeleg at det skulle vere nytte for så store setlar for over 100  år sidan.

Norske setelseriar

[endre | endre wikiteksten]

Utgåve VIII (2017-)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 2019− Blålilla farge med motiv av eit hav.
500 kr 2018− Gul farge med motiv av redningsskøyta RS 14 "Stavanger".
200 kr 2017− Blå farge med motiv av ein torsk.
100 kr 2017− Raud farge med motiv av Gokstadskipet og X-Bow.
50 kr 2018− Grøn farge med motiv av Utvær fyrtårn.

Utgåve VII (1994-2020)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 2001− 2020 Portrett av kunstnaren Edvard Munch (1863-1944). Setelen inneheld ei holografisk stripe av metallfolie og andre sikkerheitselement.
500 kr 1999− 2019 Portrett av forfattaren og nobelprisvinnaren Sigrid Undset (1882-1949). Setelen inneheld ei holografisk stripe av metallfolie og andre sikkerhetselement.
200 kr 1994− 2018 Portrett av forskaren og oppfinnaren Kristian Birkeland (1867-1917) mot eit stilisert mønster av nordlys og ein kjempemessig snøkrystall. Birkeland sitt terrella-eksperiment, som bestod av ei lita, magnetisert kule som skulle førestille jorda opphengt i vakuum i ei kasse, er vist til venstre. Baksida av 200-kronesetelen viser eit kart over nordpolområdet med Skandinavia til høgre og det nordlege Canada til venstre. Ein ring omkring den magnetiske nordpolen (nær Resolute i Canada) indikerer plasseringa av nordlysfenomena, mellom dei den satellittbestemte statistiske posisjonen av Birkelandstraumar. Birkeland si opphavlege avbilning av feltretta straumar publisert i 1908 er vist nede til høgre. I 2002 vart denne setelen oppgradert med ein holografisk stripe av metallfolie, trykt med perlemoreffekt og små gule sirklar.
100 kr 1997− 2018 Portrett av sopranen og operadirektøren Kirsten Flagstad (1895-1962). I 2003 vart denne setelen oppgradert med ei holografisk stripe av metallfolie, trykt med perlemoreffekt og små gule sirklar.
50 kr 1997− 2019 Portrett av eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen (1812-1885). Sidan 1999 har serienummeret vore trykt med ultrafiolett fluorescens

Setelen vart i 2003 oppgradert med brei sikkerheitstråd og små gule sirklar.

Utgåve VI (1979-2001)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1989−1998 2012 Portrett av grunnlovsfaren Christian Magnus Falsen (1782-1830).
500 kr 1991−1997 2011 Portrett av den verdskjende komponisten og pianisten Edvard Grieg (1843-1907)
100 kr 1977−1994 2008 Portrett av forfattaren og kvinnesakskvinna Camilla Collett (1813-1895), Collett vav søster til Henrik Wergeland som prega dei to førre utgåvene av 100-kronesetelen. Dette var den første norske pengesetelen med bilde av ei kvinne.
50 kr 1984−1995 2008 Portrett av diktaren og målmannen Aasmund Olavsson Vinje (1818-1879). Dette var den første norske pengesetelen som viste det nynorske landsnamnet Noreg. Ein vidjespenning var blant dekorelementa på setelen.

Utgåve V (1962-1987)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1975−1987 2001 Fleirfarga med med portrett av forfattar Henrik Ibsen.
500 kr 1978−1985 2002 Lysgrøn farge med portrett av matematikar Niels Henrik Abel.
100 kr 1962−1977 1999 Raud farge med portrett av forfattar Henrik Wergeland.
50 kr 1966−1983 1999 Grøn farge med portrett av forfattar Bjørnstjerne Bjørnson.
10 kr 1972−1984 1999 Blå farge med portrett av oppdagaren Fridtjof Nansen.

Utgåve IV (1948-1976)

[endre | endre wikiteksten]
500-kronessetel frå 1948
Femkronesetel frå 1955
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1949-1974 1999 Brunraud farge med portrett av forfattar Henrik Ibsen.
500 kr 1948-1976 1999 Grågrøn farge med portrett av matematikar Niels Henrik Abel.
100 kr 1949-1962 1999 Raud farge med portrett av forfattar Henrik Wergeland.
50 kr 1950-1965 1999 Grøn farge med portrett av forfattar Bjørnstjerne Bjørnson.
10 kr 1954-1973 1999 Gul/oransje farge med portrett av politikaren Christian Michelsen
5 kr 1955-1963 1999 Blå farge med portrett av oppdagaren Fridtjof Nansen.

Utgåve III (1945-1955)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1945-1949 1999 Gul framside og raud bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie t.v. og admiral Tordenskjold t.h.
100 kr 1945-1950 1999 Raud farge med motiv av det norske riksvåpenet.
50 kr 1945-1950 1999 Grøn farge med motiv av det norske riksvåpenet.
10 kr 1945-1953 1999 Oransje farge med motiv av det norske riksvåpenet.
5 kr 1945-1954 1999 Blå farge med motiv av det norske riksvåpenet.

Utgåve II (1901-1945)

[endre | endre wikiteksten]
10-kronesetel frå 1941
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1901-1945 1945 Lilla framside og fleirfarga bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie t.v. og admiral Tordenskjold t.h.
500 kr 1901-1945 1945 Grønblå framside og fleirfarga bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie.
100 kr 1901-1945 1945 Brun framside og oransje bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie t.v. og admiral Tordenskjold t.h.
50 kr 1901-1945 1945 Turkis framside og grøn bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie.
10 kr 1901-1945 1945 Blå framside og gul bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie t.v. og admiral Tordenskjold t.h.
5 kr 1901-1945 1945 Grå framside og blå bakside. Portrett av Stortingspresident W.F.K Christie til venstre.

Utgåve I (1887-1901)

[endre | endre wikiteksten]
Valør Utgjeve Ugild Skildring
1000 kr 1877-1901 1998 Lilla farge med portrett av Kong Oscar II
500 kr 1877-1901 1998 Lys rosa/beige farge med portrett av Kong Oscar II
100 kr 1877-1901 1998 Oransje farge med portrett av Kong Oscar II
50 kr 1877-1901 1998 Turkis farge med portrett av Kong Oscar II
10 kr 1877-1901 1998 Gul farge med portrett av Kong Oscar II
5 kr 1877-1901 1998 Blå farge med portrett av Kong Oscar II

Skiljemyntsetlar (1917-1950)

[endre | endre wikiteksten]
Tokronesetel frå 1940
Einkronesetel frå 1947
Valør Utgjeve Ugild Skildring
2 kr 1940-1950 1999 Rosa farge med motiv av talet 2.
1 kr 1940-1950 1999 Grøn farge med motiv av talet 1.
2 kr 1918-1925 1926 Rosa farge med motiv av talet 2.
1 kr 1917-1925 1926 Grøn farge med motiv av talet 1.

Kjelde: Noregs bank[3][4]

  1. «Skillemyntsedler», www.norges-bank.no (på norsk), henta 13. juli 2022 
  2. 2,0 2,1 «Konsumprisindeksen», SSB (på norsk bokmål), henta 13. juli 2022 
  3. «Seddelserie utgave VIII», www.norges-bank.no (på norsk), henta 13. juli 2022 
  4. «Utgåtte sedler og mynter», www.norges-bank.no (på norsk), henta 13. juli 2022 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Norske pengesetlar