Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Snø

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snø på mark.
Foto: Emmanuel Boutet
Snøvêr på Brocken nord i Tyskland.
Foto: Andreas Tille

Snø (frå norrønt snjór og snær[1]) er kvit nedbør i form av krystallinsk vassis og kjem ned i store mengder snøflak. Ettersom snøen er sett saman av små, grove partiklar, er det eit granulært materiale. Snø har ein open og dermed mjuk struktur, dersom han ikkje er pakka saman av trykk utanfrå.

Snø vert vanlegvis danna når vassdamp går gjennom deposisjon høgt i troposfæren ved temperaturar under 0°C. Dei enkelte snøfillene festar seg til kvarandre, og når snøflaka er tunge nok fell dei ut av skya. Om lag all nedbør (utanfor tropiske strøk) vert danna som snø. Er det kaldt nok i luftlaga under skya vil nedbøren falle til bakken som snø, men er temperaturen høg nok vil snøen smelte og bli regn. Smelteprosessen trekk derimot latent varme ut av lufta omkring, slik at lufttemperaturen minkar og sjansen for at etterfølgjande snø skal nå bakken vert større.

Den ideelle temperaturen for snø er omkring og litt under 0 °C, og ikkje kaldare. Dette kjem av at jo varmare lufta er jo meir fukt kan ho innehalde. Fuktig luft kan danne større snøflak enn tørr luft, og dette aukar sjansen for at snøen skal falle til bakken. Temperatur rundt frysepunktet fører òg til at snøflaka kan smelte, fryse igjen, og feste seg saman med andre snøflak og danne større flak på veg ned frå skya. I slike situasjonar vil sjølv små temperaturvariasjonar føre til at nedbøren kan gå over frå snø til regn, eller omvendt, og det kan derfor vere ganske vanskeleg for meteorologar å varsle nøyaktig.

Snø kan også lagast ved hjelp av snøkanonar, sjølv om partiklane dei lagar liknar meir på hagl.

Snø i Jerusalem i 1921.
Sjå også liste over land som har hatt snøfall

Snøfall varierer med tid og stad, inkludert geografisk breiddegrad, høgd over havet og andre faktorar som jamt over påverkar vêret. På breiddegrader nærare ekvator, er det mindre sjans for snø, 35 °N og S vert ofte rekna som ei grov grense. Vestkystane på dei store kontinenta har høgare snøgrenser enn elles.

Nokre fjell, sjølv nær ekvator, har permanent snødekke på toppane, inkludert Kilimanjaro i Tanzania. Motsett har mange regionar i Arktis og Antarktis lite nedbør, og dermed lite snø, trass i den bitre kulden. Dette kjem av at kaldare luft ikkje kan halde på så mykje vassdamp som varmare luft.

Det største registrerte snøfallet gjennom ein sesong som nokon gong er målt i verda, var på Mount Baker i Washington i USA vinteren 1998-1999 då dei målte 28,96 meter. Dette var meir enn den førre rekorden som var halden av Mount Rainier i Washington, USA som i 19711972 fekk 28,5 meter med snø. Dagsrekorden er frå Silver Lake i Colorado i USA med 1,93 meter i 1921. I Noreg er det ÅlfotbreenVestlandet som har den største målte snømengda, om lag 15 meter snø fell der kvart år.

Det har vore registrert snø på Mars.[2]

Snø og samfunn

[endre | endre wikiteksten]

Nytte og glede

[endre | endre wikiteksten]
Studentar i Oxford ruller ein kjempesnøball.
Foto: Kamyar Adl

Snø kan føra med seg fordeler og ulemper for menneske. Snø har ein isolerande effekt som kan hindra at det set seg tele i jorda, og slik verna avlingar mot kulda over snødekket. Tettpakka snø kan brukast til bustadmateriale i form av igloar, snøborger eller snøholer.

Snøen kan hjelpa ein til å koma fort fram, både for transport og leik. Ein kan til dømes nytta ski, slede, spark eller pulk for å koma seg fort fram på snø, men desse kan like gjerne nyttast til fornøying. Andre fargreier som snøbrett og akebrett blir hovudsakleg brukt til leik og idrett.

Sidan snø kan formast kan han brukast til å laga snøfigurar, særleg snømenn, og snøballar, som ein både kan dekorera og leika snøballkrig med. I snørike område har ein ei rekke andre snøleikar, som snøvasking eller å lage snøenglar.

Dersom det er for lite snø, men temperaturen likevel er låg nok, kan ein nytte snøkanonar til å lage snø til mange snøleikar.

«Bortgått i snøstormen» (1887) av Konstantin Trutovskij.

Store mengder snø og snøstormar kan forstyrre infrastruktur og tenester sjølv i regionar som er vant til det. Han kan hindre eller forsinke trafikk og sette grunninfrastruktur som elektrisitet og telefon ut av funksjon, særskilt dersom leidningane går over bakken. Fleire stadar har ein «snødagar» der mykje snøfall gjer at ungane ikkje treng å gå på skulen. Kor mykje som skal til for å få ein slik dag, varierer gjerne med kor vant ein er med snø i regionen. Snødagar og anna kaos grunna snøfall vert ofte latterleggjort av folk i snørike regionar. Eit døme er tromsøværingar som synest at oslofolk klagar mykje meir over snøen enn det som burde vere naudsynt.

Store mengder snø, og då spesielt i fjellområde, kan føre til snøras. Snøras som ikkje er skapt av menneske oppstår ofte i samband med store temperaturendringar når laus og lett nysnø har lagt seg oppå eldre og hardare snø eller skare.

Symmetrien til eit idealisert snøflak
Begerkrystall er ein uvanleg variasjon av snøkrystall. Han vert òg kalla japansk tsuzumi etter den timeglassforma tsuzumi-tromma.

Store, velutvikla snøflak er relativt flate og har seks tilnærma identiske armar, slik at snøflak nesten har den same vinkelsymmetrien, eller seks symmetriaksar, som ein sekskant eller eit heksagram. Denne symmetrien oppstår som følgje av den sekskanta krystallstrukturen til vanleg is (òg kjend som is Ih). Den faktiske forma til eit snøflak vert påverka av temperaturen og fuktforholda i lufta det oppstår i. Ein sjeldan gong, i temperatur rundt -2 °C kan ein få danna snøflak med tre symmetriaksar — trekanta snøflak.[3] Snøflak er aldri heilt symmetriske, noko ein som regel lett kan sjå med det blotte auget, men dei vert som regel teikna symmetriske sidan dette rett og slett ser betre ut.

Snøflak har mange forskjellige former, inkludert søyler, nåler, klossar og plater (med eller utan «dendrittar» — «armane» til snøflaka). Dei forskjellige formene oppstår etter kva temperatur og vassinnhald lufta har, i tillegg til enkelte andre faktorar. Isroser med seks armar veks i luft mellom 0 °C og -3 °C. Vassdropar frys til is rundt støvpartiklar. I temperatur mellom -1 °C og -3 °C vil snøflaka danne flak med seks armar eller isroser med seks blad. Ved lågare temperaturar, mellom -5 °C og -10 °C, vil krystalla danne nåler eller hole søyler eller prismer. Ved enno lågare temperaturer frå -10 °C til -22 °C vert det igjen danna isroser og under -22 °C igjen prismer. Om snøflaket byrjar å utvikle seg rundt -5 °C, og så kjem inn i varmare luft, kan det vekse ut isarmar i kvar ende av søyla som opphavleg vart danna.

Det er hovudsakleg to mogeleg forklaringar på symmetrien til snøflak. Den første er at det er ein slags kommunikasjon eller overføring av informasjon mellom armane, slik at veksten i kvar arm påverkar veksten i alle dei andre armane. Overflatespenning eller fononar er måtar slik informasjon kan overførast på. Den andre forklaringa, som ser ut til å vere det rådande synet, er at armane til snøflaket veks sjølvstendig i luft med temperatur, fukt og andre atmosfæriske eigenskapar som varierer hurtig. Ein reknar med at lufta rundt eit enkelt snøflak er så pass homogen (har like eigenskapar) at kvar enkel arm i snøflaket vert utsett for dei same endringane i lufta samstundes, og at ein arm derfor alltid vil ha dei same vekstvilkåra som dei fem andre armane, på liknande måte som at nærliggande tre som veks under tilnærma identiske forhold alltid får nesten identiske treringar. Sidan det er større avstand mellom kvart snøflak enn mellom armane til eit enkelt snøflak, vil lufta rundt forskjellige snøflak, sjølv mellom to nærliggande snøflak, vere litt forskjellig og snøflaka vil sjå forskjellige ut.

Det vert ofte sagt at ingen snøflak er like. Strengt tatt er det særs usannsynleg at to makroskopiske lekamar i universet skal få ein identisk molkylstruktur, men det er likevel ingen vitsakpelege lover som hindrar dette. I praksis kan to snøflak sjå identiske ut om dei oppstod i nær identiske luftforhold, anten fordi dei oppstod svært nær kvarandre, eller rett og slett på slump.

Snøflakgalleri.

Snøtettleiken varierer stort, sjølv for nysnø. Typisk tettleik for nysnø er rundt 12 % av vasstettleiken. Derfor seier ein ofte at 1 cm nysnø tilsvarar 1 millimeter regn. Snø vil derimot presse seg saman under vekta av seg sjølv til tettleiken om lag blir 33 % av vasstettleiken. Ein djupt snølag kan derimot presse seg så mykje saman at tettleiken om lag blir 50 %, særleg seint på våren.

Kor store vassmengder som ligg i eit snølag er ofte til stor interesse innan kraftproduksjonsindustrien. Veit ein denne mengda kan ein ofte med stor tryggleik vite kor mykje vatn som vil smelte og renne ned i vassmagasina når snøen smeltar om våren.

Typar snø og snøvêr

[endre | endre wikiteksten]
Nysnø i skogen i Colorado.
Foto: Tim McCabe
Puddersnø på greiner.

Litt lett snøvêr med små snøflak vert gjerne kalla ei snøbye. Dersom det snør tettare, gjerne med større og tyngre snøflak, kan ein kalle det snøkav eller snøkave. Dersom det blæs kraftig samstundes som det snør, kallar ein det gjerne snøstorm, men dette omgrepet har ikkje ein fast definisjon i Noreg.

Snø i form av små ispartiklar kallar ein hagl, sjølv om hagl vert danna på anna vis enn snø.

Ein har mange forskjellige omgrep for snø og snøvêr:

Eiter eller eitersnø
Svært små snø/ispartiklar som fell sakte, om lag som frose yr.
Firn
Snø som har lege på bakken i minst eitt år, utan at han har pakka seg saman til is. Han er granulær.
Hagl
Små iskuler av fleire islag. Oppstår som oftast i samband med byge- og toreskyer. Storleiken kan variere frå 5 mm til over 10 cm i sjeldne tilfelle.
Is, isbre
Snø kan pakkast så hardt saman at han kan danne is som ikkje inneheld luftbobler. Kor raskt dette skjer er avhengig av kor mykje det har snødd, lufttemperaturen og vekta av snøen i dei øvre snølaga, og kan ta alt frå eit par timar til fleire tiår.
Kornsnø
Grov, granulær våt snø. Vert oftast brukt for å skildre snøen som ligg på bakken om våren. Kornsnø kjem av at snøen smeltar om dagen, og frys igjen om natta.
Kram snø
Snø med temperatur nær smeltepunktet, som lett kan formast til lekamar som snøballar og snømenn.
Kunstig snø
Snø som vert laga ved hjelp av snøkanoner. Ofte har denne snøen form som små mjuke haglkorn.
Puddersnø
Nysnø som ikkje enno er blitt kompakt. Tettleiken og fuktinnhaldet i puddersnø kan variere stort. Snøfall i kystområde og andre område med mykje fukt fører som regel til tyngre snø enn snøfall i tørre og kontinentale område. Lett og tørr puddersnø er svært ettertrakta for skiløparar og snøbrettkjørarar.
Sludd i Buenos Aires.
Foto: SpookyLittleGirl
Sastrugi
Hard snø med furer.
Skare
Ei hardfrosa skorpe på toppen av snøen.
Slaps
Snø som delvis har smelta når den ligg på bakken.
Sludd
Ei blanding av regn og snø.
Snøbomm
Nysnø som har lagt seg på vatn, men som ikkje har frose.
Snøfokk
Snø som bles med vinden på bakken. Dette fører ofte til snøfonner, gjerne langs murar og husveggar.
Snøstorm
Uttrykk som regel brukt om snøfall i lag med kraftig vind (ikkje nødvendigvis vind av storm styrke). Noko eintydig definisjon på norsk finst ikkje.
Underkjølt regn
Regn som frys momentant i det dropane treffer ei kald overflate. Dette fenomenet kan dekke alt på overflata med ein klår is, føre til store trafikkproblem og knekke tre og telefonstolpar.
Vassmelonsnø
Snø med raud- eller lillaaktig farge med lukt som vassmelon. Fenomenet oppstår på grunn av ein grønalge som heiter chlamydomonas nivalis.

Snøsmelting

[endre | endre wikiteksten]

Snødekket vert utsett for termodynamiske prosessar. Når desse gjev ei positiv energitilførsel og snødekket har temperatur på 0 °C eller høgare, smeltar snøen. Dei viktigaste prosessane er overføring av følbar varme frå lufta, overføring av latent varme i fuktig luft eller tap av fordampingsvarme i tørr luft, absorpsjon av solinnstråling, samt skilnaden mellom innstrålt varme frå luft og skyer og utstrålt varme frå snødekket (langbølgja stråling). I gjennomsnitt er det overføring av følbar varme frå lufta til snødekket som gjev det største bidraget til smeltinga. Denne varmeoverføringa aukar med vindstyrken.

I tørr luft er fordampinga stor og snøsmeltinga vert redusert fordi energitapet er stort. Det er derimot lite snø som fordampar fordi snøflata er kald, og det skal meir enn sju gonger så mykje energi til å fordampe ei vekteining snø som til å smelte den, såkalla sublimasjon. Straks fuktinnhaldet i lufta går over mettingsnivået ved 0 °C, går det i staden ein vassdamptransport frå lufta og ned mot snødekket, der vassdampen vert kondensert til vatn på snøflata. Det er den same prosessen som får det til å dogge på kalde lekamar i oppvarma rom. Vassmengda blir ikkje stor, men det vert frigjort mykje latent varme som kan nyttast til smelting. Er det kaldt og fuktig, vil det i staden rime på snødekket, og ikkje føregå smelting. Både fordampinga og kondensasjonen aukar med vindstyrken.

Om vinteren står sola lågt på himmelen og på klåre dagar er det lite vassinnhald i lufta, samt stort varmetap ved utstråling. Det kan då vere fleire varmegrader utan at snøen smeltar. Om det er skya vêr, som kjem det mykje tilbakestråling i form av varme frå skylaget. Dette kan om vinteren vere mykje større enn reduksjonen i absorbert solinnstråling. Er det samstundes varmegrader, vind og fuktig luft, blir det stor varmetilførsel til snødekket. I slikt vêr er varmegradene effektive. Regnar det samstundes, som det ofte gjer i slikt vêr, kan det oppstå store flaumar langs kysten som følgje av regn og smeltevatn. Det vert ofte sagt at snøen regnar vekk, men det er dei generelle vêrtilhøva og ikkje regnvatnet i seg sjølv som smeltar snøen. Sjølve regnvatnet medverkar heller lite til smeltinga.

Refleksjonsevna til snøen endrar seg utover våren på grunn av auka forureining og grovare krystallstruktur. Når solstrålinga samstundes aukar, vil snøflata absorbere meir av strålinga. Dagane med sol blir det meir effektive. Den auka solinnstrålinga gjer at det ofte smeltar raskare på flater som heller mot sør, særleg på forureina brøytekantar.

Om snøen fell på varme flater, typisk seint på våren eller tidleg på hausten, vil varmetilførselen frå underlaget òg medverke til å smelte snøen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snø