Oscar Niemeyer
Oscar Niemeyer | |||
Oscar Niemeyer i 1977 | |||
Fødd | 15. desember 1907 Rio de Janeiro | ||
---|---|---|---|
Død | 5. desember 2012 (104 år) | ||
Statsborgar av | Brasil | ||
Yrke | arkitekt, designar, universitetslærar, skribent, politikar, byplanlegger | ||
Institusjonar | Universidade Federal do Rio de Janeiro | ||
Utdanna ved | Escola Nacional de Belas Artes | ||
Ektefelle | Annita Baldo, Vera Lúcia Cabreira | ||
Barn | Anna Maria Niemeyer | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina Accademia delle Arti del Disegno |
Oscar Ribeiro de Almeida Niemeyer Soares Filho (15. desember 1907–5. desember 2012) var ein brasiliansk arkitekt, fødd og død i Rio de Janeiro.
Niemeyer samarbeidde lenge med Lucio Costa. Dei to arkitektane var med i gruppa som teikna bygninga skulle hyse Undervisningsdepartementet i Rio de Janeiro, ei gruppe leia av Le Corbusier. Dette arbeidet fekk stor innverknad på arkitekturen til Niemeyer. Det fyrste provet på originalitet kom med Pampulha, eit fritidsanlegg ved Belo Horizonte med klubbhus, restaurant og framfor alt São Francisco-kyrkja med sine asymmetriske bogar.
Niemeyer var hovudarkitekt då den nye hovudstaden Brasília vart planlagd og bygd på 1960-talet. Mest alle dei sentrale bygningane i byen vart teikna av Niemeyer. Dei er skapte med ein djerv formfantasi, mellom andre i Dei tre maktene-palasset med sine karakteristiske seglliknande kolonner, i blomkroneforma til katedralen samt i dei konkave og konvekse skålformene på kongressbygninga.
Niemeyer var ein av de internasjonale formgjevarane som i samarbeid med USA-amerikanske Wallace Harrison forma FN-bygninga i New York, eit bygg innvigd i 1951.
Verk
[endre | endre wikiteksten]-
San-Francisco-kyrkja ved Belo Horizonte
-
Katedralen i Brasília
-
Kongress-bygninga i Brasília
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oscar Niemeyer» frå Wikipedia på svensk, den 13. mars 2016.