Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Pavlovskij Posad

Koordinatar: 55°47′00″N 38°39′00″E / 55.78333°N 38.65000°E / 55.78333; 38.65000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pavlovskij Posad
Павловский Посад
Horisonten til Pavlovskij Posad
Horisonten til Pavlovskij Posad
Flagget til Pavlovskij Posad Byåpenet til Pavlovskij Posad
Flagget til Pavlovskij Posad Byvåpenet til Pavlovskij Posad


Plassering
Pavlovskij Posad is located in Russland
Pavlovskij Posad is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1328
1844
Borgarmeister Mikhail Korsak
Geografi
Flatevidd
 - By

39 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

61 300
  1 571,8 /km²
Koordinatar 55°47′00″N 38°39′00″E / 55.78333°N 38.65000°E / 55.78333; 38.65000
Høgd over havet 130 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 142500–142507
Retningsnummer (tlf) (+7)49643

Pavlovskij Posad (russisk Па́вловский Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg rundt 70 km aust for Moskva, ved samløpet av elvane Kljazma og Vokhna. Jernbanelinja Moskva–Vladimir går gjennom byen.

Jernbanestasjonen i Pavlovskij Posad
Eit typisk hus i Pavlovskij Posad

Byen oppstod som landsbyen Pavlovo alt i 1328. På 1700-talet utvikla det seg her ein tekstilindustri som i løpet av åre gav byen eit godt rykte. Dette førte til ein næringslivsmessig oppsving, gjennom handel med varene som vart produsert her. I 1844 vart Pavlovo slått saman med nokre nærliggande landsbyar og fekk bystatus under det nye namnet Pavlovskij Posad. Fram til byrjinga av 1900-talet voks byen gjennom ytterlegare industriskipingar, hovudsakleg tekstilfabrikkar.

Heilt frå starten låg landsbyen på jordområda til klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i Den russisk-ortodokse kyrkja. Seinare (frå midten av 1600-talet) hamna landområdet inn under staten. På grunn av denne spesielle forhistoria var Pavlovskij Posad aldri underlagt det russiske liveigenskapet.

Økonomi og industri

[endre | endre wikiteksten]

Tekstilindustrien er framleis den viktigaste industrien i dagens Pavlovskij Posad. Etter Sovjetunionen kollapsa og fram til i dag har tekstilindustrien i Russland vore i dårleg forfatning, sidan konkurransen med asiatiske land var for sterk og kom for brått for særs mange føretak og mange bukka under. Derimot var det enkelte fabrikkar som overlevde gjennom å finne smale produktnisjer som dei spesialiserte seg på. Den mest kjende fabrikken i Pavlovskij Posad - Pavlovo-Posadskaja Manufaktura produserer framleis tradisjonelle russiske skaut og sjal og sidan han er den einaste fabrikken som masseproduserer sjal i Russland så ser den finansielle fremtida lys ut for fabrikken. Andre fabrikkar overlevde ved å konsentrere seg om brannslokkingsutstyr (som brannslangar), medan andre produserer liturgiske klede for ortodokse prester.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]