Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Balasjikha

Koordinatar: 55°48′N 37°57′E / 55.800°N 37.950°E / 55.800; 37.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Balasjikha
Балашиха
Flagget til Balasjikha Byåpenet til Balasjikha
Flagget til Balasjikha Byvåpenet til Balasjikha


Plassering
Balasjikha is located in Russland
Balasjikha is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1830
1939
Borgarmeister Vladimir Samodelov
Geografi
Flatevidd
 - By

39 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

184 900
  4 741 /km²
Koordinatar 55°48′N 37°57′E / 55.800°N 37.950°E / 55.800; 37.950
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 14390x
Retningsnummer (tlf) (+7)495
Nettstad: balashiha.ru

Balasjikha (russisk Балашиха) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 180 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved elva Pekhorka, 25 km aust for Moskva. Byen er kjent for sitt unike system av elvar og vassvegar. Elvesystemet til Pekhorka dekker eit område som strekkjer seg 40 km nord-sør og 20 km aust-vest og mange små innsjøar og dammar vart bygt for å gje vasskraft for bomullsfabrikkane på 1800-talet.

Balasjikha er ein relativt ung by og vart grunnlagd i 1830. Først i 1928 fekk han bystatus, sjølv om fleire gamle grender hadde eksistert lenge før den moderne byen.

Byen er kjend for Vladimirka-vegen, som førte austover frå Moskva. Dette var ruta dei kriminelle måtte gå til arbeidsleirane i Sibir. Vegen vart kalla Gorkijvegen i sovjettida.

Mellom 1830 og 1870 vart det drive ein bomullsfabrikk i området. Ein jernbanestasjon vart bygt mot slutten av 1800-talet. Etter kvart som byen voks absorberte han andre landsbyar, som Gorenki, ein bustad for grev Andreas Razumovskij. Her står òg ei steinkyrkje bygt mellom 1777 og 1782.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • [www.balashiha.ru/ Offisielt nettstad for Balasjikha ]
  • [www.balinfo.ru/ Balashikha.info - informasjonsportal]