Saturnmånen Atlas
Utsjånad
Atlas sett frå Cassini 12. juni 2007 | |
Oppdaging[1] | |
---|---|
Oppdaga av | Richard Terrile |
Oppdagingsdato | oktober 1980 |
Baneskildring[2] | |
137 670 km | |
Eksentrisitet | 0,0012 |
0,602 dagar | |
Banehelling | 0,003° |
Satellitt av | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 18,5 x 17,2 x 13,5 km[2] |
Snittdiameter | 30,2[2] |
2 865,26 km²[2] | |
Masse | 6,5941 × 1015 kg[2] |
0,46 g/cm³[2] | |
0,002 m/s²[2] | |
27 km/t[2] | |
0,6019 dagar | |
0° | |
Albedo | 0,8 (synleg geometrisk)[3] |
Atlas er ein av månane til Saturn. Han blei oppdaga i oktober 1980 ved hjelp av bilde frå Voyager-programmet, og like etter oppdaginga fekk han det mellombelse namnet 1980 S 28. I 1983 vedtok Den internasjonale astronomiske unionen å oppkalle månen etter guden Atlas frå den greske mytologien. I tillegg blir au namnet Saturn XV nytta.
Atlas ser ut til å vera ein gjetarmåne for A-ringen i systemet av planetringar rundt Saturn. Dessutan har ein i 2004 oppdaga ein ganske svak ring innanfor omløpsbanen til Atlas; denne ringen har fått det mellombelse namnet R/2004 S 1.
Nærbilde av Atlas, tatt av romsonden Cassini, viser Atlas med ein kraftig utvekst langs ekvator på månen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Atlas: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
- ↑ Saturnian Satellite Fact Sheet - NSSDC