Terrorisme
Terrorisme er medvitne og systematiske åtak på sivile for å skapa frykt, med intensjon om å nå politiske, ideologiske eller religiøse mål. Dei som gjer dette, kan vera organisasjonar (sjå nedanfor) eller statar. I det siste tilfellet kallar ein det gjerne statsterrorisme.
USA har ei terrorliste som nemner mellom anna Taliban, Hamas, ISIL og Al-Qaida som terrororganisasjonar.[1]
Dato | Stad | Terrorist/Terrororganisasjon | Ideologi |
---|---|---|---|
11. september 2001 | Verdshandelsenteret i New York, | Al-Qaida | Islamisme |
17. september 2006 | Synagogen i Oslo | ||
22. juli 2011 | Utøya i Buskerud og Regjeringskvartalet i Oslo | Anders Behring Breivik | Islamofobi, anti-feminisme og anti-multikulturalisme |
19. desember 2016 | Breitscheidplatz i Berlin | Anis Amri (ISIL) | Islamisme |
10. august 2019 | Al-Noor Islamic Centre i Bærum | Filip Manshaus | Islamofobi og anti-multikulturalisme |
Førebygging
[endre | endre wikiteksten]Lov av 20.mars 1998 (Oppheva) nr. 10 om forebyggande tryggingssteneste (Tryggingslova) §3 punkt 5, opererte med ein smalare definisjon av terrorisme. Der vart terrorhandlingar definert som: «Ulovlig bruk av, eller trussel om bruk av, makt eller vold mot personer eller eiendom, i et forsøk på å legge press på landets myndigheter eller befolkning eller samfunnet forøvrig for å oppnå politiske, religiøse eller ideologiske mål.»[2]
Straffeloven §§ 131-146 tek føre seg definisjon og straff som omhandlar terrorisme.[3]
I Noreg er det Politiets tryggingsteneste (PST) som har ansvaret for å førebyggja terrorhandlingar.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ramsey, Wanda, «Foreign Terrorist Organizations», United States Department of State (på engelsk), henta 6. juli 2022
- ↑ «Lov om forebyggende sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 6. juli 2022
- ↑ «Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 18. Terrorhandlinger og terrorrelaterte handlinger - Lovdata», lovdata.no, henta 6. juli 2022
- ↑ «Forebyggje», www.pst.no (på norsk), henta 6. juli 2022
Artiklar
[endre | endre wikiteksten]- Ganor, B.: Defining Terrorism: Is One Man’s Terrorist Another Man’s Freedom Fighter? Arkivert 2005-03-17 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Perspectives on Terrorism: Defining the Line Arkivert 2005-04-05 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Polish Terrorism Center