Treleopard
Treleopard | |
Treleopard | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Utbreiinga av Treleopard | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Slekt: | Neofelis |
Art: | Treleopard N. nebulosa |
Vitskapleg namn | |
Neofelis nebulosa |
Treleoparden er ei mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i Søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.
Levevis
[endre | endre wikiteksten]Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegerar er dei lydlause og fangar byttet ved å slå med dei breie framlabbane. Midt på dagen og natta kviler dei i trekroner.
Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatne til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Clouded Leopard» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2006.