Trinidad
Trinidad er med sine 4 821 km² den største øya i øygruppa Dei små antillane og i øystaten Trinidad og Tobago.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Øya Trinidad er, i motsetnad til dei andre øyane i området, ikkje av vulkansk opphav, men var tidlegare ein del av det søramerikanske fastlandet. Landskapet er mykje kupert, då øya er prega av tre aust-vest-gåande fjellkjeder, med det 940 meter høge Cerro del Aripo som det høgste. I nord dominerer regnskog, i sør savanne med innslag av oppdyrka landområde.
Klimaet er tropisk med dagstemperaturar i kring 30 °C, om natta fell temperaturen ned til 20 °C. Størsteparten av årsnedbøren på 2 000 mm kjem mellom juni og oktober.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]I fylgje folketeljinga i år 2000 budde 1 262 366 menneske på Trinidad og Tobago. Folketalsveksten er årleg på 0,3 % til 0,4 %, medan folketettleiken er 251 per km².
50 % av befolkninga på Trinidad er etterkomarar av afrikanske slavar eller av såkalla mulattar. I kring 40% er etterkomarar av indiske innvandrarar, om lag 10 % er etter folk av annan herkomst. Elles er det eit lite mindretal av asiatar og kvite.
Dei kristne utgjer 40,3 % (29,4 % katolikkar, 10,9 % anglikanarar), elles er det 23,8 % hinduar, 5,8 muslimar og eit fåtal jødar.
Port-of-Spain er største byen og hovudstad i Trinidad og Tobago. Den neste største byen på øya er Chaguanas med om lag 67 000 innbyggarar.
Engelsk er embetsspråk for staten Trinidad og Tobago, det vert og snakka fransk, spansk, hindi, kinesisk og kreolsk (patois).
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Calypso-musikk og -dans, steelbandet med instrumentet steelpan, og musikkretninga soca er alle kunstformer med opphav på Trinidad. Calypsoen er særleg knytt til det årlege karnevalet. Eitt av dei mest kjende karnevalsopptoga i verda finn stad på Trinidad.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Etter ein byrja utvinne jordolje i 1910 har utvinning og raffinering av olje, samt produksjon av gass, vore hovudnæring på Trinidad. Den billege energien vert også nytta til å drive smelteverk. Den største naturlege asfaltførekomsten i verda, den såkalla Asfaltsjøen (Pitch Lake). Hamna i Port-of-Spain er den største på øya.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya vart oppdaga for europearane den 31. juli 1498. under Christoffer Columbus si tredje reise. Columbus kalla øya opp etter tre fjelltoppar, difor har ho namnet som viser til den heilage treeininga (Trinidad på spansk). Frå 1552 fall Trinidad under spansk herredømme og ho låg under den spanske krona i om lag 250 år.
Etter den spansk-engelske krigen kom Trinidad i 1802 under britisk makt, Tobago det same i 1814. Frå 1889 var Trinidad og Tobago ein britisk koloni, styrt frå Port of Spain, sidan då er den politiske historia felles for dei to øyane. I 1956 fekk kolonien avgrensa indre sjølvstyre. Mellom 1958 og 1962 høyrde Trinidad og Tobago til den såkalla Vestindiske føderasjonen. I 1962 vart øyane ein sjølvstendig stat, knytt til Det britiske samveldet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Railroad Map of Trinidad». World Digital Library. 1925. Henta 25. oktober 2013.
- Denne artikkelen bygger på «de:Trinidad (Insel)» frå Wikipedia på tysk, den 4. september 2010.