Vitskap i 1887
Utsjånad
Vitskapsår |
1885 | 1886 | 1887 | 1888 |1889 |
Kategoriar |
Vitskap i 1887 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1887.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 3. mars - Den døvstumme og blinde Helen Keller møtte læraren sin Anne Sullivan.
- 4. mars - Gottlieb Daimler viste fram den første automobilen.
- 8. mars - Everett Horton i Connecticut patenterte ei teleskopisk fiskestong av stålrøyr.
- 13. mars - Chester Greenwood patenterte øyremuffer.
- 8. juni - Herman Hollerith fekk patent på ein reknemaskin med holkort.
- 26. juli - L.L. Zamenhof publiserte Lingvo Internacia de Doktoro Esperanto.
- august - Anna Connelly tok patent på branntrappa.
- august - Ved Marine Hospital på Staten Island, NY vart det grunnlagd eit hygienisk laboratorium, det noverande National Institutes of Health i USA.
- 8. november - Tyskamerikanaren Emile Berliner fekk patent på den første grammofonen.
- Vulkanutbrotet i Mauna Loa på Hawaii, som hadde pågått sidan 1843, minka.
- Heinrich Hertz oppdaga elektromagnetismen.
- Michelson-Morleys eksperiment viste at lyssnøggleiken er uavhengig av forflytting.
- Adolf Fick fann opp kontaktlinser.
- Comptometeren vart patentert av Dorr Eugene Felt.
- Ein britisk samskipnad for sjukesystrer vart grunnlagd.
- Von Oppolzer publiserte ein katalog over føreseielege solformørkingar.
- Huang He i Kina fløymde over og 900 000 døydde.
- Thomas Stevens vart den første til å sykle rundt jorda.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Bigsbymedaljen: Charles Lapworth, engelsk paleontolog.
- Copleymedaljen: Joseph Dalton Hooker, britisk botanikar og forskingsreisande.
- Davymedaljen: John A R Newlands, britisk kjemikar.
- De Morgan-medaljen: James Joseph Sylvester, britisk matematikar.
- Wollastonmedaljen: John Whitaker Hulke, britisk kirurg og geolog.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 22. juni - Julian Huxley, britisk biolog og forfattar (død 1975).
- 18. august - Erwin Schrödinger, austerriksk fysikar (død 1961).
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 22. januar - Joseph Whitworth, engelsk maskiningeniør (fødd 1803).
- 16. august - Julius von Haast, tysk geolog og paleontolog (fødd 1822).
- 19. august - Spencer Fullerton Baird, amerikansk ornitolog og iktyolog (fødd 1823).
- 19. august - Alvan Clark, amerikansk astronom og teleskopprodusent (fødd 1804).
- 17. oktober - Gustav Kirchhoff, tysk fysikar (fødd 1824).