Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Helseføretak er ei samlenemning på regionale helseføretak (RHF) og helseføretak (HF), som vart oppretta etter at staten tok over ansvaret for spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane 1. januar 2002.

Faktaboks

Også kjend som

helseforetak

Verksemda til regionale helseføretak og helseføretak blir regulert av helseføretakslova av 2001. Ved staten si overtaking av spesialisthelsetenestene var det 47 helseføretak i Noreg. Talet på føretak har sidan gått ned: I 2006 til 34 helseføretak, i 2014 til 28 helseføretak.

I 2019 er det 20 helseføretak som driv med sjukehustenester. I tillegg er det til saman ti føretak som yter støttetenester i dei ulike regionale helseføretaka og seks som yter fellestenester på nasjonal basis, til dømes transplantasjon.

Dei helseføretaka som er eigde i fellesskap yter mellom anna felles innkjøpsservice, luftambulanseteneste, pasientreiser, nødnett og IKT, og står dessutan for bygging av sjukehus.

Eigarskap og organisering

Det er staten gjennom Helse- og omsorgsdepartementet som står som eigar av dei regionale helseføretaka. Vidare er det staten gjennom dei regionale helseføretaka som eig helseføretaka. Helseføretakslova krev at både regionale helseføretak og helseføretak blir leia av eit styre og ein dagleg leiar (administrerande direktør). Dei regionale helseføretaka har eit styre utpeika av departementet, og helseføretaka har eit styre utpeika av dei regionale helseføretaka.

Geografisk inndeling

Lova gir regjeringa høve til å dele riket inn i så mange helseregionar som nødvendig. For kvar helseregion skal det vere eit regionalt helseføretak. Ved iverksetjinga av ordninga vart det etablert fem regionale helseføretak med geografisk ansvar tilsvarande dei tidlegare helseregionane.

Dei regionale helseføretaka er:

  1. Helse Nord RHF
  2. Helse Midt-Noreg RHF
  3. Helse Vest RHF
  4. Helse Sør-Aust (dei tidlegare helseføretaka Helse Aust og Helse Sør blei slått saman 1. juli 2007)

Det er dei regionale helseføretaka som sjølv fastset korleis dei ønskjer å fordele tenesteytinga mellom dei underliggjande helseføretaka sine. Organiseringa av desse og arbeidsdelinga mellom dei kan såleis endrast på kort tid.

Rettsleg og økonomisk ansvar

Økonomisk ansvar og arbeidsform for helseføretaka er definerte i helseføretakslova. På mange måtar liknar helseføretaka på aksjeselskap, med den vesentlege forskjellen at eigar (staten) heftar uavgrensa for forpliktingane i føretaket. Føretaka kan såleis ikkje gå konkurs.

Føretaka er eigne rettssubjekt med eiga handlingsevne, rettsleg og økonomisk, og med arbeidsgivaransvar for sine tilsette. Eit helseføretak kan bestå av fleire institusjonar, sjukehus og andre verksemder, men kvar av desse representerer ikkje eiga verksemd etter helseføretakslova.

Helsetenester

Dei tenestemessige forpliktingane for føretaka kjem fram av helsetenestelovgivinga og då særleg spesialisthelsetenestelova. Etter denne er det dei regionale helseføretaka som skal sørgje for at befolkninga får dekt behovet sitt for spesialisthelsetenester, medan dei underliggjande helseføretaka blir føresette å sørge for tenesteytinga i samsvar med krava i lovgivinga og rammene som blir sette av dei regionale helseføretaka. Dei regionale helseføretaka rapporterer så attende til Helse- og omsorgsdepartementet om korleis dei har løyst oppgåvene.

Dei regionale helseføretaka og helseføretaka kan på avgrensa område inngå avtale med andre offentlege eller private utøvarar om tenesteyting.

Departementet sine styringsverktøy

Departementet kan styre helseføretaka gjennom krav i lovgivinga. Dessutan kan departementet styre gjennom føretaksmøtet og dei årlege styringsdokumenta som blir utarbeidde med grunnlag i budsjettvedtak i Stortinget.

Departementet styrer dei underliggjande helseføretaka gjennom dei regionale helseføretaka.

Historikk

Ei viktig grunngiving for sjukehusreforma var eit ønske om sterkare statleg styring, kombinert med lokal fridom. I november 2000 gjorde Arbeidarpartiet eit vedtak på landsmøtet sitt om at staten skulle overta sjukehusa. Helseføretakslova vart deretter fremja for Stortinget av dåverande helseminister Tore Tønne (Ap) våren 2001, etter at Arbeidarpartiet berre få veker tidlegare hadde gått inn for statleg overtaking av spesialisthelsetenesta.

Forslaget fekk brei tilslutning i Stortinget, og etter regjeringsskiftet hausten 2001 overtok koalisjonsregjeringa med statsråd Dagfinn Høybråten (KrF) som helseminister ansvaret for gjennomføringa av omlegginga. Lova vart sett i verk i januar 2002. Innføringa av helseføretaksmodellen skjedde slik sett i eit relativt hurtig tempo.

Kritikk

Etter innføringa av helseføretaksmodellen har det kome kritikk frå fleire kantar. I ein sektor der det tidlegare har vore rammefinansiering, har innsatsstyrt finansiering kome inn, noko som inneber at sjukehusa får betalt ut frå den behandlinga dei utfører. Mange forkjemparar for lokalsjukehus rundt om i Noreg har vore kritiske til helseføretaka og til ei for einsidig vektlegging av økonomi.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Byrkjeflot, Haldor og Guldbrandsøy, Kari: «Både hierarkisk styring og nettverk – En studie av utviklingen i styringen av norske sykehus» i Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 4/2013
  • Vangsnes, Jørgen: «Helseforetak», i Jon Gisle (red.): Jusleksikon. Oslo 2018

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg