Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 27
Denne versjonen ble publisert av Autokorrektur 18. desember 2020. Artikkelen endret 2 tegn fra forrige versjon.

Nissedal er ein kommune i Vestfold og Telemark fylke, frå grensa mot Agder nordover på begge sider av Nisser, som er Telemarks største innsjø med eit areal på 76 kvadratkilometer. Kommunen grensar mot Fyresdal i vest, Kviteseid i nord og Drangedal i aust, medan Åmli, Vegårshei og Gjerstad utgjer nabokommunane i Agder.

Berggrunnen tilhøyrer grunnfjellets gneisar og granittar. Dalsidene langs Nisser er bratte. Frå innsjøens 255–258 meter over havet hevar landskapet seg raskt til ei fjellvidde med toppar på 800–1000 meter over havet. Høgast er Førheinutane (1049 meter over havet) på grensa til Fyresdal i nordvest. Sør for Nisser er moreneavsetningar med store furumoar.

Fram til 1970 viste folketalet nedgang, sidan har det vore tilnærma stabilt. Ein tilbakegang mellom 1990 og 2010 er følgt av ein tydeleg auke i folketalet i siste tiårsperiode. Frå 2009 til 2019 auka folkemengda med 5,1 prosent, mot 7,0 prosent for fylket samla sett.

Hovudtyngda av busetjinga finst langs austsida av Nisser, med tettstaden og administrasjonssenteret Tveitsund (Treungen) heilt i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda lengre nord.

Næringslivet i kommunen er variert. Jordbruksarealet omfattar 3 570 dekar (2013). Så godt som heile arealet blir nytta til eng, slått og beite, særleg for sau. I 2015 var skogavvirkinga på 30 513 kubikkmeter. Av dette utgjorde furu 23 584 kubikkmeter, gran 6 668 kubikkmeter og lauv 261 kubikkmeter. Dessutan er pelsdyroppdrett viktig. Nissedal har lite industri; viktigast er trevareindustri og dessutan dyrefôrproduksjon.

Nissedal er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 572 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 11 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 80 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Dynjanfoss kraftverk (i drift frå 1951), Høgefoss kraftverk (frå 1919) og Fjone kraftverk (frå 1970).

Riksveg 41 (Telemarksvegen frå Kristiansand til Brunkeberg) går nord–sør gjennom kommunen på austsida av Nisser. På vestsida av vatnet er det fylkesveg frå Treungen til Fjone og Sundsodden, med kabelferje til austsida. Fylkesveg 358 fører frå Drangedal over Gautefallheia til Treungen, fylkesveg 355 frå Tjønnefoss nordvestover til Fyresdal.

Nissedal høyrer til Sør-aust politidistrikt, Vest-Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Vest-telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.

Nissedal kommune svarer til soknet Nissedal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nissedal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

For statistiske formål er Nissedal kommune (per 2016) inndelt i åtte grunnkrinsar: Nordre Nissedal, Nissedal, Fjone, Tveit, Homme/Heimdal, Tjønnefoss, Haugsjåsund/Espestøl og Felle.

Ved garden Trontveit på vestsida av Nisser finst ei hellemåling truleg frå bronsealderen i ein stupbratt bergvegg opp frå vatnet. Det er og ei hellemåling ved Kvithamar lenger nord.

KommunevåpenetKommunevåpenet (godkjent 1992) har tre raude nisseluer, to over éin, mot eit gull bakgrunn; motivet speglar kommunenamnet.

Litteratur

  • Sanden, Gunnar: Vest-Telemark boki, 2004, isbn 82-996108-3-4
  • Åsen, Kjell m.fl.: Nissedal bygdesoge, 1976–2000, 4 b.