Nisser er ein innsjø i Arendalsvassdraget, i Nissedal og Kviteseid kommunar i Telemark. Innsjøen er 38 km lang og opptil 3 km brei. Nisser er ein djup fjordsjø, med største målte djup på 234 meter.
Nisser har avløp gjennom Nisserelva til Nidelva. I nordenden er innsjøen skilt frå Vråvatnet ved ein stutt kanal med sluser. Det er bilfergesamband (kabelferge) over det smale sundet mellom Sundsodden og Fjone. I sommarsesongen går det båt mellom Treungen i sørenden av sjøen og Strånd i nordenden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.