Nissedal er ein kommune i Telemark fylke, frå grensa mot Agder nordover på begge sider av Nisser, som er Telemarks største innsjø med eit areal på 76 kvadratkilometer. Kommunen grensar mot Fyresdal i vest, Kviteseid i nord og Drangedal i aust, medan Åmli, Vegårshei og Gjerstad utgjer nabokommunane i Agder.
Nissedal fekk kommunestatus i 1838, då kommunen vart skilt ut frå Kviteseid.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.