Fyresdal
Faktaboks
- Etymologi
-
av Fyrir, opphavleg namn på Fyresvatnet
- Administrasjonssenter
- Fyresdal
- Fylke
- Telemark
- Innbyggjartal
- 1 256 (2024)
- Landareal
- 1 107 km²
- Høgaste fjell
- Napuren (1284 moh.)
- Innbyggjarnamn
- fyresdøl
- Målform
- nynorsk
- Kommunenummer
- 4032 (frå 2024, tidl. 3823 og 0831)
Natur
Berggrunnen høyrer til telemarkformasjonen av grunnfjellet med kupert fjellterreng. Fyresvatnet (277–281 meter over havet), 26 kilometer langt, ligg sentralt i kommunen og pregar landskapet. Fyresdalsvassdraget er del av Arendalsvassdraget (Nidelva). Øvste delen har utspring vest for Skipsfjell (954 meter over havet) på grensa til Tokke, og går gjennom Fyresvatnet. Elva herifrå, Fyresdalsåna, renn gjennom innsjøen Drang til Nidelva i sør. Sørvest i kommunen har Nesvatn (510–493 meter over havet) avløp gjennom Gjøvdal i Agder til Nidelva. Nord i Fyresdal har Skredvatn (340–336 meter over havet) avløp gjennom Vrådal og Nissedal til Nidelva. Kommunen har store heiområde, særleg i vest. To tredelar av arealet i Fyresdal ligg mellom 600 og 900 meter over havet. Fire prosent av kommunens areal er verna som naturreservat.
Befolkning og busetnad
Fyresdal er den minste kommunen i Telemark i folketal. Folketalet i kommunen har stort sett gått ned sidan 1860-åra. Tilbakegangen var særleg stor i eit par tiår etter andre verdskrigen. Kommunen hadde ein forsiktig vekst på 2000-talet, men er sidan igjen gått tilbake. I tiårsperioden 2015–2024 var tilbakegangen på 3,2 prosent, mot ein auke på 3,0 prosent i Telemark fylke.
Busetnaden er tettast i administrasjonssenteret Fyresdal ved nordenden av Fyresvatnet og nordover dalføret til Hauggrend. 70 prosent av innbyggarane i kommunen bur spreidd.
Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Fyresdal med 366 innbyggjarar (2023). 29 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,6 km².
Næringsliv
Jordbruk og skogbruk er viktige næringar. Kommunen har eit jordbruksareal på om lag 6700 dekar. Arealet er fordelt på om lag 290 gardsbruk. Den viktigaste driftsforma i landbruket er sauehald. Om lag 280 000 dekar er produktiv skog. I 2017–2021 vart det i gjennomsnitt hogge 29 000 m³ årleg, omtrent det same av gran som av furu. Fjellterrenget med høve til fiske og jakt har gitt grunnlag for ei veksande turistnæring.
Fyresdal er kommunen med niande størst vasskraftproduksjon i Telemark, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei 14 vasskraftverka i kommunen produserer til saman 411 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Finndøla (i drift fra 1972), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Haukrei (1992) og Skree (1995). Finndøla Kraftverk er hovudeigar av om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Skagerak Kraft med om lag ein tiandedel.
Samferdsel
Riksveg 355 går nord–sør gjennom kommunen langs Fyresvassdraget. Det er flyplass ved Verpe rett nord for Fyresdal sentrum.
Administrativ inndeling og offentlege institusjonar
Fyresdal høyrer til Sør-Øst politidistrikt, Telemark tingrett og Agder lagmannsrett.
Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.
Fyresdal kommune svarar til soknet Fyresdal i Øvre Telemark prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.
Mot slutten av 1800-tallet høyrde Fyresdal til Øvre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.
Grunnkrinsar i Fyresdal
For statistiske formål er Fyresdal kommune delt i ti grunnkrinsar: Vik-Fardal, Breivik-Birtedalen, Valebjørg-Kilegrend, Momrak, Sørbygda, Sentrum, Hegglandsgrend, Åsland-Kleivgrend, Veum-Fjellgardane og Hauggrend.
Historikk og kultur
I parkområdet Øyskogen ligg eit stort gravfelt med freda furutre. Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Museet er ei avdeling av Vest-Telemark museum. På Molandsmoen står ein runestein frå 1100-talet.
Moland kyrkje, som er ei korskyrkje i tre, vart bygd i 1843. Altertavla frå 1738 kom frå tidlegare Hegland kyrkje. Veum kyrkje er frå 1863. Den gamle ferdavegen Bispevegen frå Kleivegrend over Finndalen til Valle i Setesdal er i dag ein merka turveg.
Kommunevåpenet
Kommunevåpenet (godkjent i 1992) har to skråstilte sølv økser mot ein grøn bakgrunn og symboliserer skogsdrift og jordbruk.
Kommentarar (3)
skreiv Olav Momrak-Haugan
skreiv Jon Richardsen
Linkene i litteraturlisten er døde.
svarte Tomaris Semet
Hei!
Takk for beskjed. De skal fungere nå.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.