Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 8
Denne versjonen ble publisert av Stine Hovdenakk 10. september 2021. Artikkelen endret 1852 tegn fra forrige versjon.

Gunnar Flikke er journalist og var sjefredaktør i Adresseavisen i 18 år, mellom 1988 og 2006. Han har arbeidd for avisa i meir enn 40 år.

Gunnar Flikke er fødd i Steinkjer i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han tok vidaregåande skule i 1963–1966, og han er cand.mag. frå Universitetet i Bergen i 1981 med faga etnologi, samfunnskunnskap, folkloristikk og billedmediekunnskap. Han har òg studert ved NTNU i Trondheim.

Flikke var først frilansar i Trønder-Avisa frå slutten av 1960-åra ved sida av studia. Deretter arbeidde han i Morgenavisen og som programskapar i NRK, før han blei tilsett som journalist i Adresseavisen (1970–1971) og så redaksjonssekretær (1974–1987). Han var redaktør for vekebladet NÅ i 1988, men blei henta tilbake til Adresseavisen som redaktør (1988–2006). Fram til 1997 delte han redaktøransvaret med Kjell Einar Amdahl. Sidan 2006 har han vore strategisk rådgivar for styret i avisa i ei fri stilling og har fleire ulike styreverv.

Der har skjedd store endringar i Flikke si tid i Adresseavisen. Frå å vere papiravis i fullformat, gjekk avisa over til tabloidformat i 2006, og Adresseavisen er blitt eit mediehus som no publiserer i papiravis, nettavis, radio og fjernsyn. Flikke var pådrivar for endringane og ein markant, omtalt og profilert redaktør med sterke meiningar i kontroversielle saker. Han var engasjert i det daglege nyhendebiletet og kva for saker avisa skulle meine noko om.

Gunnar Flikke har hatt mange styreverv, mellom anna har han vore nestleiar i Norsk Redaktørforening, sekretær for Norsk Presseforbund og medieutvalet i Norsk Journalistlag. Han var nestleiar i 2008–2011 og sidan styreleiar for Trondheim Symfoniorkester, og han var styremedlem i NRK i 2010–2014. Flikke er òg styremedlem i Brønnøysunds Avis frå 2014 og Fosna-Folket frå 2015. Han sit i styret for Byscenen, er med i Ringve Musikkmuseums venner og er sekretær i Selskabet for Trondhjems Bys Vel.