Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 45
Denne versjonen ble publisert av Semiautomatisert oppdatering 28. mai 2024. Artikkelen endret 56 tegn fra forrige versjon.

Sula er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen, som ligg rett sør for Ålesund, består av øya Sula (58 kvadratkilometer) og elles nokre småøyar i Borgundfjorden i nord. Sula er skilt frå Ålesund ved Hessafjorden, Borgundfjorden og Åsefjorden i nord, og frå Hareid og Ørsta ved ytre del av Storfjorden i sør. I aust er Sula skilt frå Uksenøya i Ålesund ved det tronge Vegsundet.

Sula var heilt ny som kommune då han blei oppretta 1977 ved utskiljing frå Ålesund. Sula hadde då vore ein del av Ålesund sidan 1968. Før 1968 utgjorde Sula søre del av Borgund kommune, som dette året blei slått saman med Ålesund. Nordre del av den tidlegare Borgund kommune utgjer framleis ein del av Ålesund kommune.

Berggrunnen består hovudsakleg av gneis av grunnfjellsopphav, men vesentleg påverka av den kaledonske fjellkjededanninga (kaledonske orogenese). Øya er berglendt, særleg i den vestre delen. Her ligg Vardane på Tverrfjellet (776 meter over havet), som er det høgaste punktet i kommunen. I sør er kysten bratt og forholdsvis rettlinja, i nordaust er landskapet forholdsvis lågt og kysten sterkt innskoren. Utanfor kommunesenteret Langevåg ligg der nokre småøyar.

Det er fire naturreservat i kommunen, mellom anna ved Djupvikvatnet–Klingrevatnet (våtmark) sørvest for Fiskarstranda.

Busetjinga langs nordkysten av Sula strekker seg frå Langevåg austover til Veibust ved Vegsundet på grensa til Ålesund. Denne busetjinga er del av Ålesund tettstad. Vestre del av Sula er aude, og busetjinga i sør er relativt sparsam. Småøyane i nord er med eit par unntak aude.

Folketalet i kommunen har vist klar vekst i heile etterkrigstida, i tiårsperioden 2007—2017 med gjennomsnittleg 1,8 prosent årleg, mot 1,1 prosent for Sunnmøre og 0,8 prosent for fylket samla sett.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Sula.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Ålesund ¹ 9 076 93 % 7,2 km²

* Andelen av innbyggjarane i Sula kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Ålesund omfattar delar av kommunane Ålesund og Sula. Den delen av tettstaden Ålesund som ligg i Sula kommune omfattar 16 % av folketalet og 25 % av arealet i tettstaden.

Den viktigaste næringa etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industrien, som står for 20 prosent av arbeidsplassane i kommunen — 30 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Etter sysselsetjinga er den viktigaste industribransjen verkstadindustrien (52 prosent av dei sysselsette i industrien i 2015), særleg maskininstallasjon og -reparasjon og bygging av skip og boreplattformer. Andre viktige bransjar er næringsmiddel- (fiskeforedling) og tekstilindustri med høvesvis 32 og fem prosent av industrisysselsetjinga. Industrien finn ein i dei fleste delar av den samanhengande tettgrenda på nordsida av Sula.

Elles har Sula ein forholdsvis stor del av arbeidsplassane i varehandel, overnattings- og serveringsverksemd, nærare bestemt 19 prosent i 2016, mot 15 prosent i heile fylket. Bak den høge prosentdelen ligg mellom anna eit stort og variert turisttilbod med eit omfattande nett av turstiar, frilufts- og idrettspark, ridesenter med meir.

Sula har lite vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 0,67 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Nøringset (i drift fra 2004), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen.

Ein stor del av dei yrkesaktive som er busette kommunen, har arbeid utanfor kommunen. I 2016 gjaldt dette 56 prosent, dei aller fleste i Ålesund (42 prosent) og resten av sunnmørskommunane (seks prosent).

Fylkesveg 657 går frå Langevåg austover gjennom heile tettgrenda på nordsida av Sula til E39 på Solavågseidet. E39 fører vidare over Vegsundet til Blindheimsskiftet på E136 i Ålesund. Frå Solavågseidet fører E39 sørover til Ørsta/Volda og Stryn i Nordfjord via ferje over Storfjorden (Solavågen–Festøy). Vidare har Sula ferjesamband over Storfjorden (Sulafjorden) på fylkesveg 61 (Sulesund–Hareid), som gir samband vidare sørover til Nordfjord langs ein ytre trasé over dei store øyane på Sunnmøre. Langevåg har hyppig båtsamband til Ålesund sentrum.

Sula høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.

Sula kommune svarer til soknet Sula i Nordre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Sula til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

For statistiske føremål er Sula kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 19 grunnkrinsar:

  • Langevåg: Kjellingset, Sandvik, Molvær, Langevåg sentrum, Stadsnes, Langevågholmane, Vågnes, Holen, Bratthaug, Vedde
  • Indre Sula: Fiskerstrand, Rørstad, Gjølvatnet, Mauseidvåg, Søre Sula, Eikrem, Solevåg, Sunde, Veibust

I Langevåg kjem lokalavisa Sulaposten ut éin gong i veka. På Devold fabrikkar, som på 1950-talet hadde 850 tilsette og var blant dei største tekstilbedriftene i Nord-Europa, er det bedriftsmuseum, Devold museum, som viser bedrifta si historie sidan starten i 1853.

Langevåg kyrkje, som er soknekyrkje i Sula, er ei kyrkje i mur frå 1948. Indre Sula kyrkje, som ligg på Eidsnes like nordvest for Solavågseidet, er ei arbeidskyrkje og kyrkjelydssenter (meinigheitssenter) i tre frå 1984.

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) har eit skjoldhovud i sølv med nedvend spiss mot ein blå bakgrunn. Dette viser til kommunenamnet.

Namnet kjem truleg av norrønt Súla, ‘kløft’, noko delt, anten i fjellformasjon eller kystlinje, eller det kan bety ‘søyle, stolpe eller støtte’.

  • Borgund og Giske, utg. av Borgund og Giske bygdeboknemnd, 1957– .
  • Sula-soga, 2002–2009, 6 b.