Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Þórisvatn
Land

Island

Kommune
Ásahreppur
Vassdrag
Þjórsá
Areal
83-88 km2
Høgd over havet
571
Djupn
109
Þórisvatn
Av .
Lisens: CC BY ND 2.0

Þórisvatn er ein innsjø på Island, vest for Vatnajökull. Innsjøen er eit vassmagasin som før oppdemming og regulering i 1971 var Islands nest største innsjø med eit areal på 70 kvadratkilometer. I dag har sjøen eit areal på 88 kvadratkilometer ved høgaste og 83 ved lågaste vasstand, og dermed er han også Islands største. Høgde over havet varierer frå 561 meter til 578 meter.

Þórisvatn er magasin for kraftstasjonen Vatnsfellsvirkjun i sørenden av sjøen og fleire nedanforliggande kraftverk i Þjórsávassdraget. Før regulering var Þórisvatn utan utløp, da vatnet fann underjordisk avløp gjennom dei omgivande lavadekka; i dag blir vatn overført frå breelva Kaldakvísl, og sjøen er dermed bunde saman med Þjórsá via sideelva Tungnaá.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg