Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Vatnajökull

Vatnajökull.

Vatnajökull

Fleire store bretunger strekker seg frå Vatnajökull mot kysten i sør; frå vest mot aust: Siðujökull, den gråsvarte Skeiðarárjökull, Örafæjökull og den grå Breiðamerkurjökull, som endar i innsjøen Jökullsárlón. Foran Skeiðarárjökull ligg den vidstrekte sanduren Skeiðarársandur. Satellittbilde tatt 30. august 2017.

Av /Sentinel Hub.
Lisens: CC BY 2.0

Vatnajökull er ein isbre i det søraustlege Island. Han er 8300 kvadratkilometer stor og Islands største og Europas nest største bre. Det meste av breflata ligg mellom 1000 og 2000 meter over havet. Maksimal tjukkleik er målt til 920 meter, men i gjennomsnitt er han om lag 400 meter.

Fleire mektige brestraumar sig nesten ned til havnivå og endar i store grussletter, såkalla sandurar, bygd av erosjonsmateriale frå breelvene. Den mest kjente brestraumen er Skeiðarárjökull, som med grussletta Skeiðarársandur strekker seg heilt ut til havet. Fleire av utløparane er framstøytsbrear, surge.

Den vestlege delen av breen kviler på eit særs aktivt vulkansk område. Det høgste punktet, Hvannadalshnjúkur, når opp til 2109 meter over havet, er Islands høgste fjell og dekker vulkanen Öræfajökull. Midt inne på breen forsyner jordvarmen under breen eit stort vatn, Grímsvötn, med smeltevatn. Med nokre års mellomrom blir vatnet tappa ut under breen ved ein kraftig flaum, eit såkalla jökulhlaup,

Under eit vulkanutbrot under Vatnajökull i 1996 blei Grímsvötn fylt raskt opp av smeltevatn, og tappinga førte til store flaumskader på vegar og bruer. Eit nytt utbrot kom i 2004.

Vatnajökull ligger i Vatnajökull nasjonalpark, som blei etablert i 2008 og er Europas største.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg