Anita Valen er ein norsk tidlegare syklist med 14 gullmedaljar frå noregsmeisterskap, og bronsemedalje frå verdsmeisterskap i landevegssykling i 2004.
Som ung var Valen eit stort talent, og allereie som 16-åring tok ho kongepokalen under NM og vart nordisk meister i fellesstart og lagtempo. Ho la opp på grunn av ein skade i 1989, men gjorde comeback i 2002. Ho vart profesjonell året etter og etablerte seg mellom dei fremste kvinnelege syklistane i verda.
I løpet av karrieren har Valen mellom anna teke VM-bronse i fellesstart i VM i Bardolini i 2004. Ho har vunne 14 NM-gull: 6 på fellesstart, 6 på tempo og 2 på gateritt, og ho har vunne to kongepokalar. I tillegg konkurrerte Valen for Noreg under OL i Athen 2004 og Beijing 2008.
I løpet av karrieren sykla Valen for Skien SK, Ullensaker CK og Grenland SK.
Anita Valen er systera til syklisten Monica Valen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.