Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
«Maori and Pakeha boys at school swimming pool, Auckland», 1970
Omgrepet pakeha vart teke i bruk tidleg. Det er dokumentert brukt i skriftlege kilder attende til 1814. Her eit eksempel frå 1970. Arkivteksten hos New Zealands riksarkiv er «Māori and Pākehā boys at school swimming pool, Auckland, 1970»
Av /Archives New Zealand – Te Rua Mahara o te Kāwanatanga.
Cover til Puha and Pakeha, 1965
Pakeha blir opplevd av dei fleste newzealandere som ei heilt nøytral nemning for den kvite befolkninga, men omgrepet blir òg brukt i humor. Albumet «Puha and Pakeha» frå 1960-talet er eit døme på det siste, der maoriar lagar gryterett av pūhā (grønsak) og pākehā (newzealendarar av europeisk opphav).
Cover til Puha and Pakeha, 1965
Av /EMI?.

Pākehā er eit omgrep som vanlegvis blir brukt om newzealendarar av europeisk avstamming, spesielt britar, som busette seg på New Zealand frå slutten av 1700-talet og framover.

Ordet kjem frå maori, og vart brukt for å skildre dei fyrste kvite nybyggjarane og etterkommarane deira. Sjølve betydninga av ordet er omdiskutert; nokre meiner at det berre betyr «ikkje-maori», medan andre tilskriv det eldre, meir komplekse betydningar. Likevel blir pakeha i dag fyrst og fremst forstått som ein identitetsmarkør for personar av europeisk bakgrunn i New Zealand.

Kontakten mellom maoriar og europeiske tilflyttarar byrja då oppdagingsreisande som Abel Tasman og James Cook besøkte øyane på 1600- og 1700-talet. Frå tidleg 1800-tal auka den europeiske tilstrøyminga betrakteleg, og dette la grunnlaget for kolonisering, kulturell utveksling og etter kvart omfattande endringar i det maoriske samfunnet. I 1840 vart Waitangitraktaten (Treaty of Waitangi) underteikna mellom fleire maoriske høvdingar og den britiske krona. Traktaten la dei formelle rammene for britisk styre, men det har sidan vore usemje om tolking og innhald, fordi den engelske og den maoriske teksten avvik frå kvarandre.

Dagens bruk av pakeha

I dagens New Zealand har pakeha ein brei, men samtidig situasjonsavhengig bruk. Mange personar med europeisk herkomst omfamnar ordet som ein stolt merkelapp, i samsvar med den fleirkulturelle profilen i landet. Andre føretrekkjer å omtale seg som newzealander framfor pakeha.

I dag blir brukt pakeha både som eit alminneleg uttrykk i kvardagsleg tale og som ei formell nemning i politiske, administrative og akademiske samanhengar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg