Astrid er eit kvinnenamn, og den vanlege tolkinga av dette namnet er at det går tilbake til norrønt Ástríðr av Ás-fríðr. I dette toledda kvinnenamnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vakker’.
Astrid (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Astrid
Eit utval personar med namnet Astrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Astrid Tollefsen (1897–1973)
- Astrid Sofia Lovisa Thyra (1905–1935)
- Astrid Sommer (1906–1990)
- Astrid Lindgren (1907–2002)
- Astrid Løken (1911–2008)
- Astrid Hjertenæs Andersen (1915–1985)
- Astrid Maud Ingeborg (1932)
- Astrid Nøklebye Heiberg (1936–2020)
- Astrid Versto (1953)
- Astrid Uhrenholdt Jacobsen (1987)
- Astrid S (1996)
- Astrid Olavsdatter
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Astrid og Astri slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Astrid og Astri er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen da foreldre til dømes fann namn i Snorre (Astrid Olavsdotter, gift med Olav den heilage). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt løft i siste halvdel av 1800-talet. Namnet ville som andre renessansenamn ha gått nedover om det ikkje hadde vore for ein kongeleg fødsel i 1932 (prinsesse Astrid).
Geografisk variasjon på 1800-talet

Astrid var mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Astrid fyrst innpass i byen.
Astrid var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Astri.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Astrid fyrst innpass i byen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.