Birger Hatlebakk var ein norsk sivilingeniør, oppfinnar og industripioner. Hatlebakk var ein industriskapar med lokal forankring og internasjonal rekkjevidd.
Birger Hatlebakk var fødd i Fræna i Romsdal. Han arbeidde på broren sin mekaniske verkstad i 1928–1932, gjekk realskule og gymnas i Molde i 1932–1936 og vart uteksaminert som maskiningeniør ved Norges Tekniske Høgskole i 1940.
Frå 1941 til 1953 var Hatlebakk tilsett som lærar ved Trondheim tekniske skole. Den vitskapelege teften og den praktiske dugleiken hans kom snart for dagen. Han konstruerte vindmøller, og i 1948 fann han opp glamoxeringsmetoden, som han tok i bruk i produksjon av lysarmatur. Forløparen til firmaet Glamox vart grunnlagt i 1947 i Trondheim, og fekk sitt noverande namn i 1951. Fabrikken vart flytta til Molde i 1957 og ekspanderte i inn- og utland.
Frå 1970 utvikla Hatlebakk Moxy-dumparen, ein anleggsmaskin til å frakte materiale i ulendt terreng, og dumparen vart sett i produksjon i Fræna i 1974. Moxy-dumparen selde godt, men bedrifta sleit økonomisk, og etter to konkursar vart Moxy-fabrikken kjøpt opp av eit engelsk firma i 1983. Hatlebakk meinte at konkursane kunne ha vore unngått. Han kjende seg motarbeidd av offentlege og private kreditorar og av konkurrentar, ein prosess han skriv utførleg om i boka Dragkampen om norsk industri. Tilfellet Moxy.
Hatlebakk samla dei mange bedriftene sine i selskapet Glamin i 1971. Då selskapet var på høgdepunktet rundt 1980, hadde Glamin nesten tusen tilsette og var ein av dei største arbeidsplassane i landet.
I 1979 fekk Hatlebakk tildelt ein internasjonal pris for innsatsen sin som industribyggjar, i 1993 fekk han Norske Ingeniørers Forenings gullmedalje for teknisk utvikling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.