Birkeland er ein tettstad i Birkenes kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,1 km², og har 3007 innbyggjarar (2023).
Birkeland er administrasjonssenter i Birkenes kommune, og ligg ved riksvei 41 (Kristiansand–Brunkeberg). Tettstaden ligg omlag 14 km nordvest for Lillesand.
Birkeland har ei omfattande industriverksemd, særleg produksjon av mineralske produkt og trevareindustri, men også noko verkstadsindustri.
Midt i Birkeland ligg Birkenes kommunes tusenårsstad, Tobias jorde. Der er eit monument over den nedlagte Flakvandsbanen som gikk fra Flakksvannet til Lillesand. I Birkeland ligg og Folkehøgskolen Sørlandet (Normisjon). Litt sør for Birkeland, på Tveide, ligg museet Myhre torvstrøfabrik, det einaste torvstrømueet i Noreg. Fabrikken produserte torvstrø som ble solgt til renholdsverkene i byene for å blandes med doavfall og bli pudrett, handelsgjødsel. Ved Tveide ligg og Grasham bygdemuseum.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.