Borgarnes er ein by på Island, i Mýrasýsla ved Borgarfjörður, 75 kilometer frå Reykjavík. Byen er sentrum i Borgarbyggð kommune og handelssentrum for ein stor del av vestre Island. Borgarnes er knytt til den islandske ringvegen Hringvegur med landets nest lengste bru, Borgarfjarðarbrú. Byen har kunstmuseum og natur- og kulturhistorisk museum.
Utanfor sentrum ligg kyrkjestaden Borg á Mýrum med trekyrkje frå 1885. Framfor kyrkja står Ásmundur Sveinssons skulptur Sonnatorrek over Egil Skallagrimsson, som hadde garden Borg på 900-talet. Gravhaugen over Egils far Skallagrim Kveldulfsson ligg i sentrum av byen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.