Civita er ei borgarleg og liberal tankesmie, etablert i 2003. Tankesmia er partipolitisk uavhengig og fungerer som ein arena for å formidle politiske idear på viktige samfunnsområde.
I føremålsparagrafen heiter det at «Civita arbeider for økt kunnskap og oppslutning om liberale verdier, institusjoner og løsninger, for å fremme en samfunnsutvikling basert på respekt for individets frihet og personlig ansvar». Dette skjer mellom anna gjennom møte og seminar, publikasjonar, skolering og utgiving av nyheitsbrev.
Civita har blitt eit samlingspunkt for personar med ulik politisk partitilknyting og frå ulike delar av samfunnet, til dømes akademia, næringsliv, media, organisasjonsliv og politikk.
Civita er finansiert med bidrag frå organisasjonane i næringslivet og private bedrifter, i tillegg til Liberalt Forskningsinstitutt, som er eit framhald av Libertas.
Civita blir leidd av Kristin Clemet. Med seg har ho personar med ulik akademisk og politisk bakgrunn. Civita har også eit eige fagråd.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.