Danby Choi er ein norsk avisredaktør og aviseigar. Han starta i 2013 magasinet Subjekt i Oslo og gjorde det til nettavis i 2017 då utgjevarselskapet vart skipa. Han er sjølv styreleiar og eineeigar av nettavisa, som er mest kjent for å ta omstridde standpunkt i aktuelle saker. Han går ofte mot straumen og skreiv til dømes hausten 2024 under den amerikanske presidentvalkampen at han hadde sans for visse sider ved den republikanske kandidaten Donald Trump.
Same våren vekte det sterk strid då det vart kjent at han skulle halda 17. maitale på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Choi har arbeidd i NRK, i Natt & Dag og vore spaltist i Dagbladet og Aftenposten. Han har og bakgrunn som profesjonell dansar.
Danby Choi har bachelorgrad i journalistikk frå Høgskolen i Oslo og Akershus (2016). Han vart i 2020 kåra til «Årets nyskaper» av Oslo Redaktørforening. Bladet Kampanje kåra han i 2021 til «Årets medienavn».
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.