Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Erlend Nødtvedt
Fødd
21. oktober 1984, Bergen

Erlend Nødtvedt er ein norsk poet som kombinerer nye og gamle språkformer. Særleg dei lydlege og rytmiske kvalitetane gir eigenart til Nødtvedts poesi.

Bakgrunn

Erlend Ottesen Nødtvedt er oppvaksen i Fyllingsdalen i Bergen. Han har teke årsstudiet ved Skrivekunstakademiet i Bergen (2006–2007), og i 2012 tok han mastergraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, med ei oppgåve om Kristofer Uppdals dikt-trilogi Kulten (1947). Nødtvedt har sidan 2011 arbeidd som litteraturformidlar ved Bergen offentlige bibliotek.

Nødtvedt har vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vagant (2008–2013). På scena har han samarbeidd med ei rekkje musikarar, til dømes Sigbjørn Apeland, Nils Økland og Benedicte Maurseth.

Forfattarskap

Debuten Harudes (2008) er eit langdikt om Hordaland fylke. Nødtvedt kryssar norrønt, nynorsk og bokmål, klipper og limer og tilfører nylaga ord og vendingar. Slik skaper han forunderlege dikt – både inderlege og ironiske – i eit lydmålande språk.

Med Bergens beskrivelse (2011) blir denne særeigne heimstaddiktinga sirkla innover mot Bergen by. Fortid og notid synest å vere parallelle, og tidsopplevinga verkar underleggjerande. Dei ulike stilnivåa gjer også at høgt og lågt flyt saman. Der Harudes hovudsakleg vender seg mot naturen, skildrar Bergens beskrivelse klassesamfunnet i Bergen, og særleg den bergenske kremmarånda får gjennomgå.

I Trollsuiten (2014) vender Nødtvedt blikket utover og omfamnar heile det vidstrekte norske natur- og kulturlandskapet. Gjennom Nødtvedt sitt grensesprengjande språk stig naturmytar og folkesegner – nykken, tussar og troll – fram i nytt lys. I bakgrunnen av Trollsuiten lurer Arne Garborgs Haugtussa, og mange av dikta samtaler òg eksplisitt med diktaren Olav Nygard (1884–1924), særleg med dikta i samlinga Ved vebande (1923).

I 2017 gav han ut sin første roman, Vestlandet.

Prisar

  • I 2008 fekk Nødtvedt Ung Poesi-prisen for debutboka Harudes.
  • I 2011 gav Natt & Dag han Bergensprisen for Bergens beskrivelse.
  • 2012 fekk han Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen i Molde.
  • I 2015 vart Nødtvedt kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år.
  • I 2018 blei han tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar.
  • I 2020 fekk han Mads Wiel Nygaards legat.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar (4)

skreiv Morten Haave

Seksjonene "Prisar" og "Utmerkingar" er duplikater av hverandre.

Seksjonen "Forfattarskap" ser heller ikke ut til å nevne verket som han fikk Mads Wiel Nygaards legat for i 2020, da det vel ble gitt for verket fra 2019.

Seksjonen "Litteratur" bør skille mellom tekster som andre har skrevet om Nødtvet, og Nødtvets egen tekst om Bergensbakken, som passer bedre under "Videre lesning".

svarte Ida Scott

Takk for innspill, disse er tatt til følge. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

svarte Morten Haave

Nei, Scott, de er ikke tatt til følge. Artikkelen nevner fortsatt ikke Slekter fra 2019, som må ha vært den endelige brikken som sendte M.W.N.s legat hans vei.
Dessuten har Nødtvedt nå utgitt enda en roman, Mordet på Henrik Ibsen (2021)

svarte Ida Scott

Hei! Vi pleier ikke å oppdatere en artikkel hver eneste gang en forfatter utgir et nytt verk. Det hadde vært veldig mye arbeid å holde sånt oppdatert. Som hovedregel blir kun de mest betydningsfulle verkene omtalt i brødteksten. Eventuelt kan vi vurdere å lage en fullstendig liste (kulepunkter) etter hvert. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg