Filefjell blir allment oppfatta som det fjellpartiet som dannar vasskiljet mellom Valdres i aust og Sogn (Lærdal) i vest, på grensa mellom Vang kommune i Innlandet og Lærdal kommune i Vestland. Det eigentlege Filefjell er likevel berre eit avgrensa område innafor dette fjellpartiet. Den gamle ferdselsvegen mellom Valdres og Sogn gjekk over det eigentlege Filefjell, medan den nåverande Filefjellvegen (E16) går langs foten av Filefjell, gjennom Smeddalen. I denne dalen ligg Fillestølen.
Den høgaste toppen på det eigentlege Filefjell er Heimre Brusestølnosi (1307 meter over havet). I fjellpartiet sønnafor er det fleire høge toppar, til dømes Sulefjellet (1812 meter over havet) og Bleia (1821 meter over havet).
Det høgaste punktet på riksvegen er 1013 meter over havet, like vest for Otrøvatnet, som har avløp austover. Det høgaste punktet på Kongevegen over sjølve Filefjell (1793 meter over havet) er cirka 1250 meter over havet. E16 over Filefjell er den fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet som er minst stengt om vinteren.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.