Fjordingen er ei norsk lokalavis med kontor i Stryn som kjem ut to gonger i veka i papirutgåve og som dagleg oppdatert nettavis. Fjordingen har i hovudsak Stryn og Hornindal som dekningsområde. Avisa er eigd av Polaris Media ASA. Fjordingen er medlem av Landslaget for lokalaviser.
Fjordingen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- FJORDINGEN AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Stryn
- Dagleg leiar
- Bengt Flaten (Ansvarleg redaktør)
- Styreleiar
- Frank Emblem

Digitalt
Fjordingen byrja med nettavis i desember 2005. Betalingsmur for ikkje-abonnentar vart sett i verk i mai 2015. Gjennom Radio Stryn, som er ein del av mediehuset Fjordingen, vert det jamleg produsert podkastar (Radio Stryn Podcast). Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett var 6540 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening).
Historie

Bergensarane Nils Hertzberg og Finn Larsen la hausten 1928 planar for at indre Nordfjord skulle få sitt fyrste trykkeri og avis. Innfjordingen blei fyrst trykt hos Torleiv Bergmanns trykkeri i Bergen, men på nyåret 1929 var Bergmann på plass med trykkeri i Stryn.
Redaktør Hertzberg hadde sympati for Fedrelandslaget og slo fast at Innfjordingen ikkje skulle vere bunde av «smaalige partiinteresser». Avisa skulle også tale indre Nordfjord si sak, men utan at dette samla nokon stor tingarflokk. Eitt år etter var Innfjordingen konkurs, men Bergmann heldt fram og fekk med seg Ingemund Fænn på oppstarten av Fjordingen 4. november 1929. Året etter var det tale om å selje avisa til A-pressa, utan at det blei noko av.
I 1941 blei den NS-tru Bernhard Dippner satt inn som redaktør i Fjordingen, men tidleg i 1942 forsvann både avisa og trykkeriutstyret medan Dippner heldt fram si redaktørgjerning i Hamar Arbeiderblad.
Trykkeriutstyr var mangelvare i dei fyrste fredsåra, men redaktør Erling Bø og Ludvig Berg fekk overtala boktrykkar Thorleif Nilsen frå Oslo til å starte trykkeri i Stryn. 18. desember 1945 kom eit prøvenummer av Fjordingen i 400 eksemplar.
Utan eit politisk parti i ryggen såg det mørkt ut for vidare drift. 17. desember 1948 vurderte generalforsamlinga tilbod frå både Høgre og Arbeidarpartiet. Mange ville helst at avisa skulle vere partilaus, men etter mykje strid og eit «langt, kvasst ordskifte» fekk Høgre tilslaget med 39 mot 8 røyster. Ein kravde at Høgre måtte gje ut bladet på nynorsk to gonger for veka i minst ti år. Etter magre år gjekk det etter kvart framover. I 1966 kunne Fjordingen lage bilete sjølv etter at ho kjøpte Lillehammer Tilskuer si gamle klisjémaskin. I 1972 auka frekvensen frå to til tre utgåver i veka, og to år etter gjekk avisa over til offsettrykk og tabloidformat.
Fjordingen blei kjøpt heim til Stryn på 1970- og 80-talet og var lokalt eigd då ho blei kjøpt av den Orkla Media-eigde avisa Sunnmørsposten i 2003. Orkla Media blei kjøpt av britiske Mecom i 2006.
Redaksjon og trykkeri har i store delar av etterkrigstida ikkje vore under same tak, og har halde til i lokale fleire stader. Frå 2010 er redaksjonen i Stryn.
Opplag
Opplagstall for Fjordingen, 1986-2023
tidspunkt | |
---|---|
1986 | 4308 |
1988 | 4451 |
1990 | 4593 |
1991 | 4653 |
1992 | 4655 |
1993 | 4710 |
1994 | 4695 |
1995 | 4698 |
1996 | 4709 |
1997 | 4688 |
1998 | 4671 |
1999 | 4685 |
2000 | 4701 |
2001 | 4730 |
2002 | 4627 |
2003 | 4737 |
2004 | 4589 |
2005 | 4401 |
2006 | 4330 |
2007 | 4310 |
2008 | 4285 |
2009 | 4299 |
2010 | 4269 |
2011 | 4228 |
2012 | 4120 |
2013 | 3979 |
2014 | 3863 |
2015 | 3797 |
2016 | 3721 |
2017 | 3734 |
2018 | 3812 |
2019 | 3864 |
2020 | 3847 |
2021 | 3878 |
2022 | 3902 |
2023 | 3992 |
År | Opplag |
---|---|
1951 | 1875 |
1960 | 2360 |
1970 | 3215 |
1983 | 4188 |
1996 | 4709 |
2008 | 4285 |
2015 | 3609 |
2018 | 3812 |
2021 | 3878 |
2022 | 3902 |
2023 | 3992 |
Fakta
- Innfjordingen: 14. september 1928–25. september 1929.
- Fjordingen: fyrste nummer 4. november 1929.
- Førebels siste nummer under andre verdenskrig 31. januar 1942.
- Prøvenummer 18. desember 1945.
- Fyrste ordinære nummer etter andre verdenskrig 4. januar 1946.
Les mer i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.