Garðabær er ein bykommune på Island, ein forstad til Reykjavík som ligg sør for bysentrum. Kommunen har eit areal på 71 kvadratkilometer. Byen har namn etter den gamle kyrkjestaden Gardar på Álftanes.
I aust ligg Heiðmörk naturreservat og i vest ligg halvøya Álftanes, med mellom anna den islandske presidenten sin offisielle residens Bessastaðir.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.