Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Hólar
Uttale

hoular

Hólar
Domkyrkja på Hólar med skolehuset bak.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Hólar er ein gard og ein kyrkjestad på Island, i Hjaltadal i Skagafjörður. I åra 1106-1798 var Hólar bispesete og den eigentlege hovudstaden på Nord-Island.

Den nåverande domkyrkja på Hólar blei ferdig i 1765 og er blant landets eldste byggverk. I 1801 la dei danske kyrkjestyresmaktene formelt ned Hólar stift og la heile Island inn under biskopen i Reykjavík.

På Hólar var det lærd skole og boktrykkeri frå 1553 til 1801 og landbruksskole sidan 1882. Trykkeriet var Islands første boktrykkeri og blei grunnlagt av Jón Árason, den siste katolske biskopen i landet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg