Hai He er eit elvesystem i det nordaustlege Kina, i Hebei. Det består av fem elver som renn i vifteform frå nord, vest og sør, og går saman ved byen Tianjin. Her blir det 70 kilometer lange hovedlaupet Hai He danna, og dette renn ut i Bohaibukta. I alt drenerer elvesystemet 2/3 av Hebei-provinsen.
Fleire av side-elvene byrjar i fjella ved ytterkanten av Den nord-kinesiske sletta. Når elvene når ut på slettelandet flyt dei langsamare, og store mengder slam blir liggjande att. Elvesystemet er derfor kjent for sine flaumar opp gjennom historia.
Sidan 1963 har elvesystemet blitt sterkt regulert og flaumsikra.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.