Husnes er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,5 km², og har 2243 innbyggjarar (2023).
Husnes ligg ved Husnesfjorden som er ein del av Hardangerfjorden på vestsida av Folgefonnhalvøya. Husnes er ein industristad og eit skule-, handels- og servicesenter. Industrien omfattar mellom anna verkstadindustri og framfor alt primær metallindustri med hjørnesteinsverksemda Hydro Husnes, tidlegare Sør-Norge Aluminium AS.
I tettstaden ligg Husnes Sentrum Hotel. Husnes har golfbane og en populær båthamn. Husnes kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1874.
På Husnes kjem avisa Kvinnheringen ut.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.