Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Luis Arce

Luis Arce Catacora

Fødd
1963
Foto av Luis Arce i november 2024
Foto av Luis Arce i november 2024
Av /NTB/AP.

Luis Arce er ein boliviansk politiker frå det sosialistiske partiet Movimiento al Socialismo (MAS). Han er president i Bolivia sidan 8. november 2020. Arce er utdanna økonom, var finansminister i Evo Morales si regjering og vert sett på som arkitekten bak den økonomiske veksten Bolivia opplevde frå 2006–2014. Under Arce sin eigen presidentperiode har økonomisk krise og politisk uro og rivalisering ført landet inn i ein ustabil periode.

Bakgrunn

Luis Arce Catacora vart fødd 28. september 1963 i La Paz. Han var son av to lærarar og vaks opp i ein mellomklassefamilie. Etter fullført grunnskule utdanna Arce seg til rekneskapsførar, før han tok økonomi-studiet ved Universidad Mayor San Andres (UMSA) i La Paz. I 1996–1997 studerte han i England og fullførte ei mastergrad i økonomi ved Warwick-universitetet i Coventry. Han er seinare tildelt æresdoktorgrad ved Universidad de los Andes, Universidad Privada Franz Tamayo og det statlege universitetet i San Petersburg.

Arce har lang arbeidserfaring frå Bolivias nasjonalbank, Banco Nacional de Bolivia (BCB), der han starta i 1987. Frå 1992 til 2005 jobba han på leiarnivå i fleire avdelingar i banken. Samstundes har han vore aktiv i undervisning på fleire universitet og konferansar, både i Bolivia og internasjonalt. I 2017 fekk Arce kreftdiagnose og måtte gå av som finansminister, men kom tilbake til posten etter at han vart friskmeldt i 2019.

Politisk karriere

Då MAS fekk regjeringsmakt med Evo Morales som president i 2006, vart Arce innsett som finansminister. Han sat i denne posten til 2017 og i ein kort periode frå januar 2019 til regjeringa måtte gå av i november same år. Arce drog då i asyl i Mexico. Etter eitt år med interim-regjering leia av Jeanine Añez, vann Arce valet som presidentkandidat for MAS i 2020 med 55 % av røystene.

Arce vert av mange sett på som arkitekten bak den økonomiske veksten Bolivia opplevde frå 2006–2014. Nasjonalisering og industrialisering av naturressursar gav staten auka inntekter i ei tid med høge prisar på mellom anna olje og gass på den internasjonale marknaden. Fattigdom og økonomisk ulikskap vart kraftig redusert og IMF framheva i 2013 Bolivia sitt høge nivå av valutareservar. Etter 2014 snudde derimot den økonomiske framgangen, med mellom anna sviktande inntekter frå gass, subsidiar på drivstoff, mangel på dollar og koronapandemien. I 2024 er valutareservane nærast borte og Bolivia på randen av økonomisk kollaps.

Den økonomiske krisa i 2024 er også tett kopla saman med ei politisk krise. Det var Morales som peika på Arce som presidentkandidat for MAS i valet i 2020, men i etterkant har dei to kjempa om posisjon i partiet. Trass i at grunnlova hindrar Morales frå å stille som presidentkandidat igjen i 2025, har han støtte frå ei gruppering i MAS. Splittinga i partiet har ført til store protestar mot regjeringa, inkludert blokkadar av vegar som rammar handel og tilgang til varer. Den politiske og økonomiske krisa har ført til at Arce har mista oppslutnad.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg