Margot er eit fransk kvinnenamn som via Margherite går tilbake til Margareta. Dette namnet er laga til det greske ordet margarites som tyder ‘perle’. Dette ordet er opphavleg lånt frå persisk.
Margot (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Margot
Eit utval personar med namnet Margot, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Margot Oxford and Asquith (1864–1945)
- Margot Lander (1910–1961)
- Margot Fonteyn de Arias (1919–1991)
- Margot Honecker (1927–2016)
- Margot Wallström (1954)
Namnestatistikk
I 2022 var det 833 kvinner i Noreg som hadde Margot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, t.d. Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Margot følgjer ikkje dette mønsteret i og med at det var på topp 1920–1924. Margot er heller ikkje i samsvar med fransk uttale, for på norsk blir namnet uttalt med trykk på fyrste staving.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Margot var mest brukt i Kristiania, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Margot var mest brukt i Kristiania, Vest-Agder, Møre og Romsdal og Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Margoth.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.