Maria Kjos Fonn er ein norsk forfattar med bakgrunn frå journalistikk.
Ho debuterte med novellesamlinga Dette har jeg aldri fortalt til noen (2014), somvar på kortlista til Tarjei Vesaas debutantpris 2014, og som ho fekk Aschehougs debutantpris for. Allereie med andreboka Kinderwhore braut Kjos Fonn gjennom for alvor. Boka blei nominert til Brageprisen, P2-lyttarane sin romanpris og Oslo-prisen. Ho fekk Tanums kvinnestipend i 2019. I 2024 mottok ho Riksmålsforbundet sin litteraturpris.
Kinderwhore følgjer på mange måtar opp tematikk frå debuten, som overgrep og kvinnerolle. Også språkleg går det ei line frå debuten til andreboka. Men der debuten er karakterisert av driv og språkleg kraft, tek andreboka det vidare. Boka er skrive i eit løvetannspråk som sprenger berg. Kjos Fonn bruker eg-perspektiv til å skildre opplevinga av incest innanfrå. Ho får fram det samansatte i situasjonen, og teiknar samtidig eit sterkt portrett av ein skarp og samtidig sårbar egperson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.