Marianne er eit kvinnenamn som kan vere ei samanskriving av dobbeltnamnet Mari Anne. I Frankrike er Marianne diminutiv («vesleform») av Marie.
Marianne (kvinnenamn)

Marianne [uttales marjan] brukes som populært navn på den franske republikken, etter et hemmelig republikansk selskap under det andre keiserdømmet (1852–1870). Framstillinger av Marianne har vært vanlige på franske frimerker, hun er gjerne fremstilt med frygisk lue, ofte med fransk kokarde. En byste av Marianne står utstilt i mange franske rådhus, den er modellert med fotomodellen og filmskuespilleren Laetitia Casta (f. 1978) som modell. Tidligere byster har hatt bl.a. Brigitte Bardot, Mireille Mathieu og Catherine Deneuve som modeller.
Personar med namnet Marianne
Kulturell bruk
- «Mariannes brev» (1946) og «Marianne på sykehus (1948) av Odd Brochmann. Desse forteljingane kan ha medverka til framgang for namnet etter krigen.
Kjende personar med namnet Marianne
Eit utval personar med namnet Marianne, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Marianne Fredriksson (1927)
- Marianne Faithfull (1946)
- Marianne Heske (1946)
- Marianne Gullestad (1946)
- Marianne Borgen (1951)
- Marianne Krogh (1956)
- Marianne Skovli Aamodt (1958)
- Marianne Andreassen (1961)
- Marianne Aasen (1967)
- Marianne Heier (1969)
- Marianne Beate Kielland (1975)
- Marianne Pettersen (1975)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Både Marianne og Mariann byrja på eit oppsving i 1940-åra, og begge nådde toppen i 1965–1969. Marianne kan forklarast som eit fransk namn, men kurveprofilen til Marianne stemmer ikkje med dei franske namna, for dei hadde toppfasen innanfor tidsrommet 1975–2009. Ut frå dette kan det vere vel så rimeleg å sjå på Marianne og Mariann som norske namn samansett av Mari og Ann(e), for samansette norske kvinnenamn var mest brukte innanfor perioden 1920–1949. Sidan år 1900 har Marianne vore brukt nesten seks gongar meir enn Mariann.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Marianne var mest brukt i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg.
Marianne var mest brukt i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.