Marianne Borgen er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV). Ho var ordførar i Oslo frå 2015 til 2023. Ho vart den første ordføraren frå Sosialistisk Venstreparti i Oslo.
Marianne Borgen
Faktaboks
- Fødd
- 2. juni 1951, Oslo

Bakgrunn
Marianne Borgen er fødd i Oslo. Ho er utdanna cand.sociol. ved Universitetet i Oslo i 1979, med historie og tysk i fagkrinsen. Borgen har vore avdelingssjef ved Fylkesmannen i Oslo og Akershus, konsulent i Kommunal- og arbeidsdepartementet og fagleg leiar hos Barneombodet. Ho har òg vore tilsett i Redd Barna.
Politisk karriere
Borgen blei aktiv i Sosialistisk Venstreparti i 1970-åra og blei først vald inn i Oslo bystyre for partiet i 1979–1983. Frå 1995 til 2023 hadde ho plass i bystyret, i fleire periodar som gruppeleiar for partiet. I Oslo bystyre har ho mellom anna arbeidd med kultur og utdanning, helse, samferdsel og miljø, og i perioden 2011–2015 var ho leiar av samferdsels- og miljøkomiteen.
Borgen blei vald til ordførar i 2015. Ho blei attvald i 2019, då SV meir enn dobla stemmetalet ved lokalvalet og fekk 9,1 prosent av stemmene i Oslo. I perioden 1989–2005 var ho òg vararepresentant til Stortinget for SV frå Oslo.
Politisk har ho markert seg i samband med bygginga av det nye Munchmuseet og i arbeidet med å redusere klasseskilnadene, skape gode oppvekstvilkår og trygge barnehagar.
Andre verv
Borgen var medlem av styra for Aker sjukehus og Oslo universitetssjukehus fram til 2012, og ho har vore nestleiar i styret for Sjukehusklovnane og medlem av styret for gatemagasinet =Oslo.
I 2023 kom boka Mor Oslo. Marianne Borgen – fra drabantbyen til Rådhuset av Hanne Mauno.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.