Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Offisielt namn
AUSTEVOLL FORLAG AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Storebø
Dagleg leiar
Trond Hagenes
Styreleiar
Marit Kalgraf
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Marsteinen er ei norsk lokalavis for Austevoll kommune som kjem ut på Storebø. Avisa kjem ut i papirformat kvar torsdag og som dagleg oppdatert nettavis. Marsteinen var frå starten privat eigd, men vart ein del av Polaris Media i mars 2022.

Digitalt

Marsteinen publiserer på ulike digitale flater, og brukar betalingsmur for ikkje-abonnentar.

Historie

Marsteinen kom ut med eit presentasjonsnummer i mai 1978, før den første utgåva kom 4. august same året. Avisa er partipolitisk uavhengig og blir redigert på nynorsk. Marsteinen er tilknytt Landslaget for lokalaviser.

Behovet for ei avis melde seg særleg då dei store næringsendringane gjekk føre seg i Austevoll i 1970-åra. Austevoll Forlag AS blei stifta 15. mai 1978 for å gi ut avisa og trykksaker av ulikt slag. Avisa fekk namn etter kystfyret Marsteinen frå 1877, som ligg nordvest i kommunen og ved innseglinga til Bergen.

I mangel på lokalhistorisk tidsskrift i Austevoll fram til 2013 trykkjer avisa jamleg ulikt historisk stoff om kommunen. Særleg er mykje fiskerihistorie blitt publisert i Fiskerimagasin frå Austevoll, som forlaget har gitt ut sidan 2004.

Opplag

Opplagstal for Marsteinen, 1990-2023

1990 1842
1991 2025
1992 1762
1993 1791
1994 1786
1995 1783
1996 1834
1997 1883
1998 2080
1999 2267
2000 2315
2001 2256
2002 2311
2003 2329
2004 2373
2005 2468
2006 2286
2007 2402
2008 2307
2009 2344
2010 2365
2011 2368
2012 2367
2013 2349
2014 2329
2015 2261
2016 2271
2017 2272
2018 2080
2019 2037
2020 1998
2021 1966
2022 1979
2023 2136
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1990 1842
2000 2315
2005 2468
2010 2365
2015 2261
2020 1998
2021 1966
2022 1979
2023 2136

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 er opplagstal rekna ut frå digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Første nummer 4. august 1978

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg