Otto Valstad var ein norsk lærar, forfattar og målar. Han måla mellom anna Arne og Hulda Garborg og var ein del av Askerkretsen.

Otto Valstad
Faktaboks
- Fødd
- 11. desember 1862, Asker
- Død
- 20. juni 1950, Oslo
- Verke
- Maler, illustratør og forfatter
- Familie
-
Foreldre: Snekkermester Andreas Olsen Valstad (1828–1911) og Lisa Johansdatter Solstad (1836–1906).
Gift 29.3.1893 med forfatter og journalist Mathilde Georgine («Tilla») Christiansen (1871–1957; se Tilla Valstad).

Bakgrunn
Otto Valstad var fødd i Asker. Han vart utdanna ved Asker seminar og var lærar i Asker 1884–1887, deretter i Tønsberg 1887–1898. Han debuterte på Høstutstillingen i 1890 og studerte ved Académie Julian i Paris og Den Kongelige Tegneskole i København. Valstad var radikal og sat ei tid i Asker herredsstyre. Han var oppteken av sosialt arbeid for barn. Otto Valstad var gift med Tilla Valstad. Ho gav økonomisk hjelp til mannen til å realisere kunstnardraumen.
Kunstnarskapen

Tilla og Otto Valstad. Foto 1949. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.
I restaureringa av Asker kyrkje var han aktivt med. Han arbeidde elles med landskapsmåleri og portrett- og sjangermåleri. Valstad er innkjøpt av Nasjonalmuseet med eit portrett av Lina Brun frå 1901. Han illustrerte og skreiv barnebøker i eit dialektfarga språk. Eit døme er den sosialrealistiske Torvills saga (1939).
Valstad illustrerte bøker som Rasmus Lølands Kvitebjørnen (1906), Arne Garborgs Kolbotnbrev (1911) og kona Tilla Valstad si gjendikting av Æsops fabler (1918). Valstad var æresmedlem i Tegnerforbundet.
Ekteparet Valstad og Garborg og Løland var naboar og stod sentralt i Askerkretsen. Heimen og den vakre hagen deira på Øvre Valstad er eit minnesmerke over han og kona Tilla Valstad. Samlinga med gamle hus, antikvitetar og kunst testamenterte dei til Asker Museum.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
-
Måleriet «Fru Lina Bruun» (1901), som er eigd av Nasjonalmuseet.
-
Måleri av politikaren og eidsvollsmannen Teis Lundegaard (1914). Valstads portrett av Lundegaard er basert på Knud Bergsliens portrett av Lundegaard frå 1854, som han målte etter levande modell to år før Lundegaard døydde.
-
Karikatur av Otto Valstad frå 1910 (litografi).
Av Ole Christoffer Thorkelsen/Oslo Museum.Lisens: Falle i det fri (Public domain)
Faktaboks
- KulturNav-ID
- b3cfaef5-3aac-4573-b6c5-f17f7ea95ee8
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01036374000946
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.