Regine er eit kvinnenamn som er e-form av Regina. Det latinske ordet regina tyder ‘dronning’.
Regine (kvinnenamn)
Personar med namnet Regine
Kulturell bruk
- Regine i «Gjengangere» (1881) av Henrik Ibsen. Regine var eit vanleg namn i lågare sosiale lag midt på 1800-talet, og dette namnet høver dermed på hushjelpa Regine i dette skodespelet.
Kjende personar med namnet Regine
Eit utval personar med namnet Regine, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Johanne Regine Juell (1847–1882)
- Regine Normann (1867–1939)
- Régine Deforges (1935–2014)
Namnestatistikk
I 2022 var det 887 kvinner i Noreg som hadde Regine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Regine.
Av dei som heitte Regine i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Regine. Dette inneber at 40 prosent hadde Regine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Regine var på topp midt på 1800-talet, og på denne tida var namn på -ine svært populære, til Jensine og Hansine. Men Regine er i motsetning til for eksempel Hansine ikkje avleidd av eit mannsnamn. Regine representerer altså ikkje den utbreidde skikken på 1800-talet med å kalle opp ei dotter etter ein mannleg slektning.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Regine var mest brukt i Vest-Agder.
Regine var mest brukt i Vest-Agder.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.