Frank Rossavik er ein norsk journalist, redaktør og forfattar. Han har mellom anna jobba i Bergens Tidende, Morgenbladet og Aftenposten. Som forfattar er biografien om Einar Førde blant dei mest verdsette arbeida hans, og han blei tildelt Brageprisen for boka.
Frank Rossavik
Faktaboks
- Fødd
- 21. desember 1965, Stavanger

Bakgrunn
Frank Rossavik er statsvitar med bachelorgrad frå Universitetet i Bergen i 1986, og han har mastergrad frå CERIS, Brussel i 2004.
Rossavik var pressesekretær i SV i 1988–1990 og informasjonssjef i Europabevegelsen i Norge i 1992–1995. Han var med på å stifte PR-byrået Gambit i 1995.
Journalist
Frank Rossavik sin pressekarriere byrja som journalist i Rogalands Avis frå 1987 til 1988, og deretter var han i bladet Tromsø frå 1990 til 1991, Vårt Land frå 1991 til 1992 og Bergens Tidende frå 1996 til 2009. I åra 2001–2005 var han Europa-korrespondent, med base i Brussel, for Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen.
Politisk redaktør
Rossavik blei samfunnsredaktør i Morgenbladet i 2009, der han var fast tilsett til 2010. Det året blei han kåra til årets meiningsberar av Oslo Redaktørforening, og i åra etter arbeidde han som frilansjournalist for fleire aviser.
I 2012 var Rossavik attende som fast kommentator i Bergens Tidende, og frå 2013 til 2015 var han politisk redaktør, før han i 2016 tok til som utanrikskommentator i Aftenposten. Han starta sin karriere som kommentator allereie som 30-åring, noe som er uvanleg tidlig i norsk samanhang.
Forfattarskap
Rossavik har skrive fleire bøker. Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde, kom ut i 2007 og er skriven i ein særmerkt stil som står godt til personen Einar Førde. Boka er prega av alvor og djupn, men er samstundes leiken og lett. Rossavik blei rosa for korleis han nytta vittige anekdotar kombinert med skarpsindige analysar, og at biografien gav eit klart bilete av politikaren og kringkastingssjefen, så vel som tida og samfunnet han levde i. Rossavik fekk Brageprisen for boka.
Rossavik har òg mellom anna gitt ut bøker om Sosialistisk Venstreparti si historie, om Kåre Valebrokk, om Det republikanske partiet i USA, om ytringsfridom, om ulvedebatten og om si eiga høyrselshemming.
Styrearbeid
Rossavik var medlem av Kringkastingsrådet frå 2010 til 2015 og har vore styremedlem i Stiftelsen Fritt Ord sidan 2011.
Utgivingar
- Hei til EU, 2005
- Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde, 2007
- Det niende barnet. Naziordføreren og hans jødiske sønn, 2009
- Fra Kings Bay til Kongens bord, 2011
- En god story. En biografi om Kåre Valebrokk, 2013
- Smilefjestyranniet. Ergrelser og krenkelser i utvalg, 2014
- Blant republikanere, 2016
- Best å holde kjeft? 2019
- Ulv? Ulv! 2021
- De korrekte – identitetspolitikk, kansellering og presset mot det liberale samfunn 2022
- Hæ? 2025
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.