På nordkysten ligg byen Reykjanesbær med flyplassen Keflavík. Sørkysten er meir fjellendt enn nordsida. Frå fjellet Þorbjörn (243 meter over havet) er det vid utsikt over Reykjanes. Største staden på sørkysten er Grindavik.
På halvøya finst 30 større vulkanar, om lag 700 krater og mange varme kjelder. Den mest kjente av dei er Bláa lónið (Den blå lagunen), som er eit svært populært badeanlegg for turistar. På halvøya ligg kraftverket Svartsengi som leverer varmt, mineralrikt vatn til bassenga i Den blå lagunen. Ei rift med aktiv vulkanisme går nordaust-sørvest over halvøya, og i periodar med utbrot er folk på sørkysten blitt evakuert.
Ytst på halvøya står Islands største fyrtårn, Reykjanesviti.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.