Sigrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sigríðr av Sig-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘vakker’.
Sigrid (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Sigrid
Eit utval personar med namnet Sigrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sigrid Bølling (1852–1917)
- Sigrid Undset (1882–1949)
- Sigrid Hjertén (1885–1948)
- Sigrid Helliesen Lund (1892–1987)
- Sigrid Stray (1893–1978)
- Sigrid Boo (1898–1953)
- Sigrid Gurie (1911–1969)
- Sigrid Sundby (1942–1977)
- Sigrid Eckhoff (1957)
- Sigrid Hvidsten (1978)
- Sigrid (artist) (1996)
- Sigrid Storråde
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Sigrid var mykje brukt tidleg på 1800-talet og gjekk nedover fram til 1860-åra då det fekk ein kurveprofil som liknar på renessansenamna. Forma Siri av Sigrid er utvikla etter norrøn tid, og slike former har ofte gått tilbake utover 1800-talet etter eit høgt nivå tidleg på 1800-talet. Men Siri fekk – i motsetning til for eksempel Guri (av Guðríðr) – eit oppsving på 1900-talet og ein ny topp i perioden 1975–1989. Dette var samtidig med Sigrid.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Sigrid var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sigrid fyrst innpass i byen.
Sigrid var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sigri.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Sigrid fyrst innpass i byen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.