Siri M. Kvamme
Faktaboks
Siri Milde Kvamme
- Fødd
- 19. juni 1975, Stanghelle i Vaksdal, Vestland

Bakgrunn
Siri Milde Kvamme er fødd på Stanghelle i Vaksdal kommune i Hordaland (no Vestland). Ho har studert litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (1998), har teke forfattarstudiet i Bø (1995), Skrivekunstakademiet i Hordaland (1999) og forfattarutdanninga Litterär gestaltning ved Göteborgs universitet (2001).
Kvamme har arbeidd som bokmeldar og frilansjournalist for Bergens Tidende (1996–2010) og som tekstforfattar i reklamebyrå. Ho jobbar som marknadskonsulent i Uni Micro, er spaltist i Haugesunds Avis og prosjektleiar for Litterær Salong i Haugesund.
Forfattarskapen
Kvamme debuterte med kortprosasamlinga Raud og frå seg i 2001. Dei korte tekstane er knytte saman til ei poetisk familiehistorie, ei utviklingshistorie fortald i tredje person, der det gradvis blir avslørt for lesaren kva som har skjedd i familien.
Hausten 2008 kom debutromanen hennar, Vinterhjerte. Handlinga er lagd til Nord-Noreg, og det er ein svart roman om å misse eit barn, sorga til foreldra, skuldkjensle, manglande evne til å hjelpe kvarandre, om lengsel og begjær. I 2012 gav ho ut romanen Nattgjengar. Siri M. Kvamme er stilsikker, språkleg presis, har levande personskildringar, og romanen er erotisk, med skiftande forteljarperspektiv.
Bibliografi
- Vidunderlege Vera (Roman, Cappelen Damm, 2020)
- Verden leker gjemsel (Roman, Cappelen Damm, 2016)
- Nattgjengar (Roman, Cappelen Damm, 2012)
- Vinterhjerte (Roman, Cappelen Damm, 2008)
- Raud og frå seg (Roman, Samlaget, 2001)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.